Historisk arkiv

Noreg inngår luftfartsavtale med Singapore

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 102/00
Dato: 10.07.00

Noreg inngår luftfartsavtale med Singapore

Regjeringa har i statsråd i dag vedteke at Noreg skal inngå luftfartsavtale med Singapore. Avtala handlar om rettane til å drive lufttrafikk mellom dei to landa. For norske verksemder utpeika til å drive slik trafikk gjev avtala rett til å trafikkere flyruter frå alle internasjonale sivile flyplassar i Noreg til Singapore.

Likelydande avtaler vil bli inngått kvar for seg mellom Singapore og Danmark og Sverige.

Samtidig med underteikninga vil Noreg utpeike SAS Norge ASA til å drive trafikk mellom Noreg og Singapore.