Historisk arkiv

Noreg inngår luftfartsavtale med Cuba

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 43/2000
Dato: 05.05.2000

Noreg inngår luftfartsavtale med Cuba

Regjeringa har i statsråd i dag vedteke at Noreg skal inngå luftfartsavtale med Cuba. Avtalen handlar om rettane til å drive lufttrafikk mellom dei to landa. For norske verksemder utpeika til å drive slik trafikk gjev avtalen rett til å trafikkere flyruter frå alle internasjonale sivile flyplassar i Noreg til reisemål på Cuba.

Likelydande avtaler vil bli inngått kvar for seg mellom Cuba og Danmark og Sverige.

Samtidig med underteikninga vil Noreg utpeike SAS Norge ASA til å drive trafikk mellom Noreg og Cuba.