Historisk arkiv

Noreg inngår ny trygdeavtale med USA

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Regjeringa har i dag vedteke at Noreg skal inngå ei ny trygdeavtale med USA med tilhøyrande administrasjonsavtale.

Pressemelding

Nr.: 159/00
Dato: 20.10.2000

Noreg inngår ny trygdeavtale med USA

Regjeringa har i dag vedteke at Noreg skal inngå ei ny trygdeavtale med USA med tilhøyrande administrasjonsavtale.

Formålet med ei trygdeavtale er å sørgje for at personar som flyter frå den eine staten til den andre kan ha dei trygderettane dei har tent opp, samt å gje dei tilgang til trygdeordningar i den staten dei flyter til. På denne måten sikrar ein kontinuitet i trygdedekninga. Dessutan vil denne gruppa ikkje måtte betale trygdeavgift til båe statane.

Den nye avtala avløyser den tidlegare avtala mellom Noreg og USA om sosial trygd av 13. januar 1983.

Avtala og administrasjonsavtala vil bli sett i verk når båe statar har varsla kvarandre om at deira interne vilkår for iverksetjing er oppfylt.