Historisk arkiv

Noreg sluttar seg til Verdsbankens karbonfond

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: Nr. 28/00
Dato: 21. mars 2000

Noreg sluttar seg til Verdsbankens karbonfond

Det vart i dag vedteke i Statsråd at Noreg sluttar seg til Verdsbankens Prototype Carbon Fund (Karbonfondet). Noreg vil no gå inn i fondet med 10 millionar dollar fordelt over 10 år.

Karbonfondet vil på verdsbasis etablere ein portefølje av prosjekt som skal redusere utsleppa av klimagassar. Investorane vil få ein forholdsmessig kvote av dei utsleppsreduksjonane som ein oppnår gjennom ulike prosjekt. Føremålet med dette er at den tildelte kvoten skal kunne brukast til å oppfylle framtidige pliktingar under Kyotoprotokollen for perioden 2008-2012.

Regjeringa ser fondet som eit viktig hjelpemiddel for å trekkje utviklingsland med i klimaarbeidet, og å fremje den globale målsetjinga om ein reduksjon i verdas utslepp av klimagassar.

Regjeringa ser oppstarten av Karbonfondet som ein viktig forsøksordning, der reglar for kreditering og sertifisering kan prøvast ut. Ei slik ordning kan difor vere ein viktig medverknad til at det endelege regelverket kjem på plass under Kyoto-protokollen.

Ein fullgod og effektiv klimastrategi krev samarbeid mellom det offentlege og den private sektoren. Regjeringa meiner det er viktig å involvere den private sektoren i arbeidet med å redusere utslepp av klimagassar. Eit av føremåla med statleg norsk deltaking i Karbonfondet er å gje eit positivt signal til norske private aktørar som vurderer å slutte seg til fondet.