Historisk arkiv

Noreg underteiknar ein ny internasjonal konvensjon om arrest i skip

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Konvensjonen byggjer i hovudsak på reglane i Internasjonal konvensjon om arrest i sjøgåande skip av 10. mai 1952, som Noreg er part i, men fører med seg nokre materielle endringar.

Pressemelding

Nr.: 111/00
Dato: 28.07.00

NOREG UNDERTEIKNAR EIN NY INTERNASJONAL KONVENSJON OM ARREST I SKIP

Regjeringa har i dag vedteke å underteikne ein ny sivilrettsleg Internasjonal konvensjon om arrest i skip av 12. mars 1999. Konvensjonen byggjer i hovudsak på reglane i Internasjonal konvensjon om arrest i sjøgåande skip av 10. mai 1952, som Noreg er part i, men fører med seg nokre materielle endringar.

Dei viktigaste materielle endringane i 1999-arrestkonvensjonen samanlikna med 1952-konvensjonen er mellom anna at lista over krav som kan danne grunnlag for arrest er utvida, og at vilkåra for arrest i skip er endra ved at utgangspunktet nå er at eigaren til skipet må hefte personleg for kravet. Vidare er det kome inn ein uttrykkeleg regel om at det er eit vilkår for arrest at kravet kan bli fullbyrda i skipet, og ein regel om at domstolen kan krevje sikring for urett arrest.

Konvensjonen gjer det naudsynt med visse lovendringar, slik at samtykke frå Stortinget til ratifikasjon vil bli innhenta. Konvensjonen blir sett i verk seks månader etter den dag 10 statar har samtykka i å vere bundne av konvensjonen.

Utanriksdepartementet, 28. juli 2000