Historisk arkiv

Regjeringa foreslår at Noreg tek del i den femte påfyllinga i Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling (IFAD) med 145 millionar kroner

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 168
Dato: 10.11.2000

Regjeringa foreslår at Noreg tek del i den femte påfyllinga i Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling (ifad) med 145 millionar kroner

Det internasjonale fondet for jordbruksutvikling (IFAD) har som mål å auke matproduksjonen i dei fattigaste utviklingslanda og å betre levekåra for dei fattige på landsbygda. Forhandlingane om den femte påfyllinga til IFAD har gått føre seg frå februar 1999 til juni 2000. Resultatet for Noreg sin del vert noko høgre enn i den fjerde påfyllinga på grunn av den høge dollarkursen.

Eit særtrekk ved IFAD var at fondet vart oppretta med like store tilskot frå OPEC-landa og frå OECD-landa. Allereie frå den andre kapitalpåfyllinga skjedde det ei forskyving i byrdefordelinga mellom dei to land-gruppene i den retninga at OECD-landa no står for hovudtyngda av finansieringa. Frå norsk side er ein nøgd med at det under forhandlingane vart semje om å sjå "godt styresett" og fordeling av ressursar i samanheng. Ein er også nøgd med at det vart semje om at IFAD skal ta del i HIPC-initiativet som er Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet sitt initiativ for å løyse gjeldsproblema til dei fattigaste utviklingslanda.

Samla sum for påfyllinga vart 460 mill. dollar over tre år. Det norske tilskotet er fastsett til 18,4 mill. dollar som er den same summen som under IFAD IV. På grunn av ein høgare fastsett dollarkurs er det norske tilskotet på 145 mill. kroner i røynda ei auking samanlikna med den førre påfyllinga.