Historisk arkiv

Regjeringa legg fram stortingsmelding om eksport av forsvarsmateriell

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Regjeringa vedtok i Statsråd 16.6 å leggje fram den årlege stortingsmeldinga om eksporten av forsvarsmateriell frå Noreg i 1999.

Pressemelding

Nr.: 77/00
Dato: 16.06.00

Regjeringa legg fram stortingsmelding om eksport av forsvarsmateriell

Regjeringa vedtok i Statsråd i dag å leggje fram den årlege stortingsmeldinga om eksporten av forsvarsmateriell frå Noreg i 1999.

Den samla verdien av eksporten av forsvarsmateriell, medrekna tenester og reparasjonar av tidligare levert utstyr, var i 1999 kr. 1.300.327.000. I dei tre seinaste åra har verdien vore på omlag 1,1 milliardar årleg. Ein auke på omlag 165 millionar i høve til tala for 1998 kan forklårast med auka eksport til Sverige, samt nokre større einskild-leveransar.

Oversiktene i meldinga er basert på oppgåver frå bedriftene om sal av forsvarsmateriell, tenester og reparasjonar knytta til slik eksport. Tilsaman rapporterte 32 bedrifter om utførsle i 1999.

Hovudmottakarane av forsvarsmateriell frå Noreg er NATO, dei nordiske landa og andre europeiske land. Største kjøpar i 1999 var Sverige, fylgd av Sambandsstatane, Frankrike og Tyskland. Norsk forsvarsindustri produserar i liten grad komplette våpensystem. Komponentar, delar, elektronisk utstyr og sprengstoff representerer størstedelen av eksporten.

Stortingsmeldinga gjev eit oversyn over regelverket for eksportkontroll, og over Utanriksdepartementets saksbehandling av søknader om eksportløyve for forsvarsmateriell. Forskriftene om eksportkontroll-reguleringa er nyleg endra for m.a. å tydeliggjere at lisensar kan kallast tilbake dersom grunnlaget for løyvinga vert vesentleg endra.

Ei forkorta utgåve av denne Stortingsmeldinga vil verta omsett til engelsk og omdelt i FN og andre relevante internasjonale fora som eit norsk bidrag til større innsyn i våpenhandelen.