Historisk arkiv

Regjeringa vedtek føresegn om sanksjonar mot Etiopia og Eritrea

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 68/00
Dato: 02.06.00

Regjeringa vedtek føresegn om sanksjonar mot Etiopia og Eritrea

Regjeringa har i dag vedteke Føresegn om gjennomføring av resolusjon 1267 frå Tryggingsrådet til Dei sameinte nasjonane om avgrensa sanksjonar mot Etiopia og Eritrea.

Tryggingsrådet vedtok den 17. mai 2000 ein einstemmig resolusjon om avgrensa sanksjonar mot Etiopia og Eritrea. Resolusjonen inneheld eit forbod mot å tillate sal og forsyning til Etiopia og Eritrea av våpen og tilknytta materiell av alle slag, samt reservedelar. Forbodet gjeld same kva stat varene opphavleg kjem ifrå, og rammar òg formidling av teknisk bistand og opplæring knytt til tilførsel, produksjon, vedlikehald eller bruk av det aktuelle materiell og utstyr. Forboda gjeld ikkje forsyningar til humanitære føremål. Sanksjonane blei innførde for ein periode på tolv månader, og tok til å gjelde straks. Dersom konflikten får ei endeleg og fredeleg løysing, blir sanksjonane i alle høve heva med umiddelbar verknad.

Utanriksdepartementet er gjeve fullmakt til å endre, suspendere eller oppheve føresegna, som tek til å gjelde straks.