Historisk arkiv

Regjeringa vedtek undertekning av protokoll om handel med bruk av genmodifiserte organismar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 50/00
Dato: 12.05.2000

Regjeringa vedtek undertekning av protokoll om handel med bruk av genmodifiserte organismar

Regjeringa har i dag vedteke at Noreg skal underteikne ein ny protokoll om handel med og bruk av levande genmodifiserte organismar (GMO) til FNs Konvensjon om biologisk mangfald.

Målsetjinga til GMO-protokollen er å sikre at overføring, handtering og bruk av levande genmodifiserte organismar ikkje skader miljø eller helse. Protokollen gjer det tydeleg at genmodifiserte organismar krev særleg handsaming i høvet til andre produkter. Merkereglane i protokollen gjev importlandet høve til å kontrollere all import av GMO, og jamvel nekte import som er i strid med nasjonale reglar. Avgjerda kan byggjast på føre var-prinsippet.

Den gjeld for alle genmodifiserte organismar som er spiringsdyktige og kan formere seg i naturen. Det blir innført ein prosedyre for førehandsamtykke frå importlandet ved første gongs import av GMO for utsetjing i naturen (dyr, planter, såvarer). Eksportlandet eller eksportøren skal i slike tilfelle varsle importlandet. Vedtaket i importlandet skal basere seg på ei risikovurdering som fastsett i vedlegg til protokollen.

GMO til mat, fór og vidare foredling (t.d. mais, soya, kveite) - som utgjer ca. 90 % av alle GMO – fell inn under ein alternativ vedtaksprosedyre. Den alternative vedtaksprosedyren godtek importlandet sin rett til å basere eit importvedtak på nasjonal lovgiving, som skal samsvare med målsetjinga til protokollen.

Protokollen reflekterer den internasjonale haldninga til GMO. I store eksportland som USA kan ein registrera aukande skepsis til GMO. I EU er desse utviklingstrekka endå tydelegare. Utviklingslanda har fått eit instrument til å kunne kontrollere import av GMO som dei tidlegare ikkje har hatt.

Protokollen seier at miljø- og handelsavtalar skal støtte kvarandre gjensidig. Partane sine plikter og rettar under andre internasjonale avtalar, til dømes handelsavtalar, vert ikkje endra. Samstundes heiter det at protokollen ikkje er underordna andre internasjonale avtalar.

Protokollen blir opna for underteikning på partsmøtet under Konvensjonen om biologisk mangfald i Nairobi 15.-26. mai 2000, og Noreg vil underteikne ved dette høvet.