Historisk arkiv

Utanriksdepartementet gjev 11,6 millionar til fredstiltak i den demokratiske republikken Kongo og Burundi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 23/2000
Dato: 26.03.2000

Utanriksdepartementet gjev 11,6 millionar til fredstiltak i den demokratiske republikken Kongo og Burundi

Utanriksdepartementet har vedteke å gje 10 millionar kroner i støtte til fredstiltak i Den demokratiske republikken Kongo. Den norske støtta skal nyttast til å finansiera fredsprosessen mellom partane samt til demobilisering og reintegrering av tidlegare geriljasoldatar og rehabilitering av barnesoldatar. Midlane vil bli kanaliserte gjennom FN.

Fredsavtalen for D. R. Kongo, som vart underteikna av dei stridande partane i august i fjor, er utsett for stadige brot. Det er viktig raskt å få i stand ei varig våpenkvile. Dette forutset bl.a. demobilisering av geriljagrupper som destabiliserer heile regionen. Den norske støtta er eit viktig bidrag i denne prosessen.

Utanriksdepartementet har og vedteke å støtta tidlegare president Mandela sitt meklingsarbeid i Burundi med 1,6 millionar kroner.