Historisk arkiv

Godkjenning av endringar i Konvensjonen som opprettar Den europeiske telesatellitt-organisasjonen (EUTELSAT) med tilhøyrande driftsavtale av 15. juli 1982

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 34/01
Dato: 16.02.2001

Godkjenning av endringar i Konvensjonen som opprettar Den europeiske telesatellitt-organisasjonen (EUTELSAT) med tilhøyrande driftsavtale av 15. juli 1982

Godkjenning av endringar i Konvensjonen som opprettar Den europeiske telesatellitt-organisasjonen (EUTELSAT) med tilhøyrande driftsavtale av 15. juli 1982.

Konvensjonen som opprettar Den europeiske telesatellitt-organisasjonen (EUTELSAT) med tilhøyrande driftsavtale er av 15. juli 1982. Noreg blei part i konvensjonen i 1985.

Organisasjonen blei oppretta for å sikre drifta av romsegmentet for europeiske telesatellittsystem. EUTELSATs telesatellittsystem er ein del av eit transeuropeisk telekommunikasjonsnett som skal levere teletenester til alle deltakarstatane.

EUTELSATs tidlegare organisasjonsstruktur er basert på ein konvensjon mellom partane og ei driftsavtale mellom teleselskap utpeikte av kvar av partane (signatarane). Organisasjonsstrukturen blei rekna for å vere ueigna til å møte konkurransen i den framtidige telemarknaden, mellom anna fordi den gjer det vanskeleg med nye investeringar, finansiering og evne til å ta avgjerder samanlikna med private konkurrentar.

Endringane opphevar den gjeldande driftsavtala og avviklar det tidlegare driftsselskapet. EUTELSATs operasjonelle verksemd og tilhørande aktiva blir overførde til eit nytt aksjeselskap under fransk lov med namnet Eutelsat S.A.

EUTELSAT skal mellom anna kunne føre tilsyn med det nye driftsselskapet og sikre at det held hovudprinsippa om tilbod av offentlege/universelle tenester, dekning i heile det europeiske området, ikkje-diskriminering og rettferdig konkurranse.

Endringane trer i kraft eit hundre og tjue dagar etter at dei er godkjende av to tredelar av dei statane som var partar på det tidspunkt partsforsamlinga vedtok endringane.