Historisk arkiv

Noreg inngår luftfartsavtale med Dei sameinte arabiske emirata

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 25/01
Dato: 02.02.2001

Noreg inngår luftfartsavtale med Dei sameinte arabiske emirata

Regjeringa har i statsråd i dag vedteke at Noreg skal inngå luftfartsavtale med Dei sameinte arabiske emirata. Avtalen handlar om rettane til å drive lufttrafikk mellom dei to landa. For dei norske verksemder som er peika ut til å drive slik trafikk gjev avtala rett til å trafikkere flyruter frå alle internasjonale sivile flyplassar i Noreg til reisemål i Dei sameinte arabiske emirata.

Likelydande avtaler vil bli inngått kvar for seg mellom Dei sameinte arabiske emirata og Danmark og Sverige.

I samband med underteikninga vil Noreg peike ut SAS Norge ASA til å drive trafikk mellom Noreg og Dei sameinte arabiske emirata. Dei sameinte arabiske emirata vil peike ut Gulf Air Company og Emirates airline.