Historisk arkiv

Noreg inngår luftfartsavtale med Pakistan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 22/01
Dato: 02.02.2001

Noreg inngår luftfartsavtale med Pakistan

Regjeringa har i statsråd i dag vedteke at Noreg skal inngå luftfartsavtale med Pakistan. Avtalen handlar om rettane til å drive lufttrafikk mellom dei to landa. For dei norske verksemder som er peika ut til å drive slik trafikk gjev avtala rett til å trafikkere flyruter frå alle internasjonale sivile flyplassar i Noreg til reisemål i Pakistan.

Likelydande avtaler vil bli inngått kvar for seg mellom Pakistan og Danmark og Sverige.

I samband med underteikninga vil Noreg peike ut SAS Norge ASA til å drive trafikk mellom Noreg og Pakistan. Pakistan vil peike ut Pakistan International Airlines.