Historisk arkiv

Noreg underteiknar ei avtale om utveksling av radiologiske data mellom statane i Austersjøområdet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 92/01
Dato: 01.06.2001

Noreg underteiknar ei avtale om utveksling av radiologiske data mellom statane i Austersjøområdet

Regjeringa har i dag vedteke at Noreg skal underteikne ei avtale om utveksling av radiologiske data mellom statane som er medlemmer i Austersjørådet. Dette er Danmark, Estland, Finland, Island, Latvia, Litauen, Noreg, Polen, Russland, Sverige og Tyskland.

Etter avtala vil alle landa få umiddelbar - og utan atterhald - tilgjenge til data frå dei

andre landa sine nasjonale nettverk for måling av stråling, både under normale tilhøve og ved uhell. Avtala er viktig for Noreg og vil gje eit betre grunnlag enn det ein har no for vurderingar og avgjerder ved uhell og ulykker der radioaktive stoff er involvert. Avtala slår fast at kvart land skal nemne opp eit kontaktpunkt for informasjonsutveksling. I Noreg vil det vere Statens Strålevern.

Noreg er depositar for avtala. Underteikning av avtala står på sakskartet for det årlege utanriksministermøtet i Austersjørådet. Det vert i år halde i Hamburg den 7. juni.