Historisk arkiv

Regjeringa vedtek ei provisorisk anordning for å gjennomføre Tryggingsrådet sin resolusjon 1373

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Etter den provisorisk anordninga vil det såleis vere straffbart å samle inn eller skaffe pengar til å finansiere terrorhandlingar, og politiet vert pålagd å fryse verdiar som ein mistenkjer er knytte til slike føremål.

Pressemelding

Nr.: 162/01
Dato: 05.10.2001

Regjeringa vedtek ei provisorisk anordning for å gjennomføre Tryggingsrådet sin resolusjon 1373

Tryggingsrådet i FN vedtok 28. september resolusjon 1373 med ei rekkje tiltak retta mot finansiering av terrorhandlingar. Resolusjonen er heimla i kapittel VII i FN-pakta og bind såleis medlemsstatane etter mellomfolkeleg rett.

Resolusjon 1373 krev at statane skal forby finansiering av terrorhandlingar og straffe dei som deltek i slik finansiering. Styresmaktene vert også pålagde å fryse midlar som er eigd av personar eller føretak som deltek i slik finansiering.

Framlegget til provisorisk anordning gjennomfører pålegga i norsk rett. Det vil såleis vere straffbart å samle inn eller skaffe pengar til å finansiere terrorhandlingar, og politiet vert pålagd å fryse verdiar som ein mistenkjer er knytte til slike føremål.

Samstundes som ein gjennomfører Tryggingsrådet sin resolusjon vert også reglane i FN sin konvensjon mot finansiering av terrorisme teke inn i norsk rett gjennom anordninga. Noreg underteikna konvensjonen 1. oktober.

Anordninga tek til å gjelde straks og vil gjelde fram til Stortinget seinare tek eit lovvedtak med dei nødvendige endringane i norsk rett dersom anordninga ikkje vert oppheva av andre grunner.