Historisk arkiv

Styrkte sanksjonar mot Taliban

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 13/01
Dato: 19.01.2001

Styrkte sanksjonar mot Taliban

Utanriksdepartementet har i dag vedteke å styrkje føresegna av 22.12.99 om avgrensa sanksjonar mot Taliban i Afghanistan. Endringa vert innførd som følgje av ein resolusjon frå Tryggingsrådet frå 19. desember i fjor, og er eit ledd i kampen mot internasjonal terrorisme.

Tryggingsrådet sitt vedtak inneheld mellom anna eit påbod om å fryse fond og andre finansielle midlar i Noreg som tilhøyrer Usama bin Laden og krinsen hans, og dessutan eit forbod mot å gjere slike midlar tilgjengelege for desse. Det vert òg innført eit forbod mot sal og forsyningar av våpen og anna militært utstyr til Taliban-kontrollert område. Vidare vert det etablert eit forbod mot å tillate fly som har teke av frå eller skal lande på Taliban-kontrollert område, å ta av frå, lande på eller flyge over norsk territorium. Sanksjonskomiteen til SN kan gjere unntak på grunnlag av humanitær trong.

Bakgrunnen for sanksjonane er Taliban si manglande utlevering av Usama bin Laden, som driv eit nettverk av treningsleirar for terroristar frå Taliban-kontrollert område, og brukar Afghanistan som base for å støtte internasjonale terroristhandlingar.

Dei styrkte sanksjonane er søkt utforma slik at dei ikkje skal føre med seg negative humanitære konsekvensar for dei sivile, og er tidsavgrensa til eitt år. Resolusjonen gjev uttrykk for djup sut over dei omfattande brota på humanitærretten og på menneskerettane, særleg diskrimineringa av kvinner. På same tid vert Taliban sitt ansvar for situasjonen til dei sivile understreka.

Endringa tek til å gjelde frå 19. januar 2001.