Historisk arkiv

Underteikning av ei avtale om endringar i nordisk konvensjon med internasjonal-privatrettslege reglar om ekteskap, adopsjon og verjemål

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Pressemelding

Nr.: 21/01
Dato: 02.02.2001

Underteikning av ei avtale om endringar i nordisk konvensjon med internasjonal-privatrettslege reglar om ekteskap, adopsjon og verjemål

Regjeringa har i dag vedteke at Noreg skal underteikne ei avtale om endringar i konvensjonen mellom Noreg, Danmark, Finland, Island og Sverige som inneheld internasjonal-privatrettslige reglar om ekteskap, adopsjon og verjemål av 6. februar 1931.

Konvensjonen av 1931 inneheld reglar om jurisdiksjon, lovvalg og godkjenning av avgjerder i slike saker. Bakgrunnen for endringsavtala er å sikre nordisk rettslikskap. Sverige og Finland er med verknad frå 1. mars 2001 bundne av ei EU-forordning som på nokre punkt skil seg frå konvensjonen av 1931. Endringsavtala gjer også nokre endringar i konvensjonen for å modernisere han slik at han er meir i tråd med gjeldande familierett i dei nordiske landa.

Konvensjonen gjeld med lovs kraft etter kunngjering av Kongen i medhald av lov av 19. desember 1969 nr. 75 om gjennomføring av nordiske konvensjonar om visse internasjonal-privatrettslege tilhøve § 1.

Det blir lagt opp til at Noreg gjev ei erklæring om at endringsavtala skal få mellombels verknad fram til ho formelt trer i kraft i høve til dei andre partane som måtte ha gjeve slik erklæring.