Historisk arkiv

Underteikning av ei avtale om tilknyting til Dublin-regelverket

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Regjeringa underteikna 19.01.2001 ei avtale mellom Noreg, Island og Det europeiske fellesskapet om ei ordning for å avgjere kva for stat som er ansvarleg for å handsame ein søknad om asyl som vert lagt fram i Noreg, Island eller ein stat i EU (tilknyting til Dublin-regelverket).

Pressemelding

Nr.: 12/01
Dato: 19.01.2001

Underteikning av ei avtale om tilknyting til Dublin-regelverket

Regjeringa underteikna 19.01.2001 ei avtale mellom Noreg, Island og Det europeiske fellesskapet om ei ordning for å avgjere kva for stat som er ansvarleg for å handsame ein søknad om asyl som vert lagt fram i Noreg, Island eller ein stat i EU (tilknyting til Dublin-regelverket).

Det går fram av artikkel 7 i avtala om Schengen-samarbeidet av 18. mai 1999 at partane skal finne ei slik eigna ordning, og at dette bør skje innan Schengen-samarbeidet kjem på plass for dei nordiske statane. Dette er venta å skje 25. mars 2001.

Avtala som er forhandla fram med Det europeiske fellesskapet knyter Noreg og Island til Dublin-konvensjonen, samt to avgjerder av vedtaksorganet "artikkel 18-komiteen" i Dublin-konvensjonen. Avtala knyter også Noreg og Island til Eurodac-forordninga om lagring og utveksling av fingeravtrykk, som blei vedteke av EU sitt Råd 11. desember 2000. Avtala gjer det òg mogleg for Noreg og Island å knyte seg til både gjeldande og framtidige vedtak på dette området.