Historisk arkiv

Auke i sjukefråværet i staten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Administrasjonsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Administrasjonsdepartementet


Nr. 29/95

Dato: 06.10.95

Auke i sjukefråværet i staten

Sjukefråværet i 2. kvartal 1995 for statlege verksemder viste ein auke på 5 % målt i forhold til 2. kvartal 1994. Det var det mellomlange fråværet, sjukemeldingar i 4-14 dagar, som auka mest i perioden med 13,2 %. Sjukefråvær frå 1 til 3 dagar auka med 5,2 %, mens fråvær på over 14 dagar auka med 3,1 %. Auken er størst for dei mannlege tilsette i staten.

I 2. kvartal 1995 låg sjukefråværsnivået for heil- og deltidstilsette på 4,5 %. Korttidsfråværet, dvs. fråvær mellom 1-3 dager, ligg lågast med 0,7 %, mens langtidsfråværet (fråvær over 14 dager) ligg høgast med eit nivå på 3,1 % for 2. kvartal 1995.

- Etter ein nedgang i sjukefråværet hos statstilsette gjennom tre år ser vi nå at auken frå første kvartal held fram. Om dette kan tyde på ein vedvarande tendens i fråværsutviklinga er det ennå litt tidleg å seie noko om, men det er urovekkjande at vi nå også i dette kvartalet ser ein auke i fråværet, seier administrasjonsminister Nils Totland. Han slår seg ikkje til ro med at sjukefråværet i staten framleis ligg 15 % under nivået i 2. kvartal 1991, som var det året sjukefråværsprosjektet i staten starta.

- I diskusjonen om sjukelønnsordninga er det verdt å merkje seg at korttidsfråværet utgjer ein forholdsvis liten del av sjukefråværet i staten. Det er det mellomlange fråværet som nå aukar mest, mens langtidsfråværet over 14 dagar framleis utgjer den største delen av sjukefråværet, påpeiker Totland.

Totland strekar under at Regjeringa tar auken på alvor og ser på arbeidet med å redusere sjukefråværet som ei prioritert oppgåve. - Det er viktig med aktiv innsats på arbeidsmiljøområdet. Arbeidet for å halde sjukefråværet nede må målrettast og konsentrerast om førebyggjande tiltak mot langtidsfråvær, seier administrasjonsministeren.


Kontaktpersonar: Avdelingsdirektør Finn Melbø eller konsulent Lilly Ann Elvestad i Arbeidsgivaravdelinga i Administrasjonsdepartementet, tlf. 4880/4904.


Lagt inn 6 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen