Historisk arkiv

Auke i langtidsfråværet, nedgang i korttidsfråværet i staten

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr. 30, Dato: 13.09.96

Auke i langtidsfråværet, nedgang i korttidsfråværet i staten

Sjukefråværet blant statstilsette auka med 2,4 % i første halvår 1996 i forhold til same periode i fjor. Det er ein auke i langtidsfråværet på over 14 dagar som gjer at det totale sjukefråværet går opp. På same tid har det vore ein nedgang i korttidsfråværet, mest for sjukefråvær frå ein til tre dagar. Her er det ein nedgang på 3,2 %. Sjukefråvær frå 4 til 14 dagar viser ein nedgang på 0,7 % i same periode.

I 2. kvartal auka sjukefråværet blant dei statstilsette med 4 % i forhold til same kvartal i 1995.

Det var ein auke i langtidsfråværet på over 14 dagar på 6,1 %, mens sjukefråvær frå 4 til 14 dagar gjekk ned med 2,9 %. Totalt var sjukefråværet blant dei statstilsette i 2. kvartal på 4,9 %. Korttidsfråværet, dvs. fråvær mellom ein til tre dager, ligg lågast med 0,7 %, mens langtidsfråværet over 14 dagar ligg høgast med eit nivå på 3,4 % i 2. kvartal 1996.

Administrasjonsminister Nils Totland er tilfreds med nedgangen i korttidsfråværet, men seier at kreftene nå må rettast inn mot å stoppe den negative utviklinga i langtidsfråværet.

- I 2. kvartal utgjorde langtidsfråværet 69.4 % av det totale sjukefråværet i staten. Når dette aukar, får det store utslag. Vi kan ikkje slå oss til ro med at sjukefråværet framleis ligg 10 % under nivået i 1991, då vi sette i gang sjukefråværsprosjektet i staten. Førebyggjande arbeid og attføring er derfor viktige satsingsområde for det sentrale sjukefråværsarbeidet i staten, seier Totland.

Kontaktpersonar: Avdelingsdirektør Finn Melbø eller førstekonsulent Lilly Ann Elvestad i Arbeidsgiveravdelingen, tlf 44480/44904

Lagt inn 13.9.96 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen