Historisk arkiv

Fortsatt låg prisvekst

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Administrasjonsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Administrasjonsdepartementet


Nr. 23/96

Dato: 10.06.96

Fortsatt låg prisvekst

Konsumprisindeksen til Statistisk sentralbyrå viser 1,0 prosent prisauke over dei siste tolv månadene, frå mai 1995 til mai 1996. Frå april til mai viste konsumprisindeksen frå Statistisk sentralbyrå ein oppgang på 0,2 prosent. Hovedårsaka til auken i konsumprisindeksen frå april til mai var auka prisar på bensin, klede og grønsaker.

Administrasjonsminister Nils Totland framhever at prisane framleis aukar mindre i Noreg enn hos våre handelspartnarar. Han viser til den siste prisstatistikken for OECD-landa, med ein gjennomsnittleg prisauke frå mars i fjor til mars i år på 1,9 prosent. Totland understreker at dette er eit konkurransefortrinn vi må ta vare på. Han er også fornøgd med at prisutviklinga held seg innanfor føresetnadene i det reviderte nasjonalbudsjettet.

I Revidert nasjonalbudsjett er den gjennomsnittlige prisstiginga her i landet frå 1995 til 1996 berekna til om lag 11/4 prosent. For våre handelspartnarar er anslaget 2 prosent. Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera har anslått den norske prisveksten frå 1995 til 1996 til mellom 11/2 til 2 prosent.


Lagt inn 10 juni 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen