Historisk arkiv

Låg prisstiging også i 1995

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Administrasjonsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Administrasjonsdepartementet


Nr. 1/96

Dato: 10.01.96

Låg prisstiging også i 1995

Konsumprisindeksen til Statistisk sentralbyrå viser at prisstiginga i 1995 vart 2,4 prosent, mot 1,4 prosent i 1994. Årsveksten for 1994 var elles den lågaste sidan 1960.

Administrasjonsminister Nils Totland seier i ein kommentar at han er godt nøgd med prisutviklinga, som ligg innanfor Regjeringas prognosar i statsbudsjettet. Spesielt uttrykker Totland glede over at matvareprisane har hatt låg prisvekst i år og peiker på at veksten i matvareprisane ligg under veksten i konsumprisindeksen.

Høgare elektrisitetsprisar og auka prisar knytte til drift og vedlikehald av bil medverka sterkt til prisstiginga frå 1994 til 1995.

Regjeringa har i Salderingsproposisjonen rekna med at årslønsveksten i 1995 for alle grupper under eitt blir omlag 3 prosent, slik at det ser ut til å bli ein vekst i realløn på vel 1/2 prosent i 1995.

I Salderingsproposisjonen har Regjeringa lagt til grunn at konsumprisveksten i 1996 blir omlag 2 prosent. Årsaka til at ein reknar med ei lågare prisstiging i år enn i fjor, er at prisutviklinga i 1995 har vore prega av ein stabil og låg underliggande prisvekst. Konsumprisveksten målt over 12 månader kan difor komme under 2 prosent når dei direkte verknadene av auka meirverdiavgift frå 1. januar 1995 blir uttømde rundt årsskiftet. I vurderingane av prisutsiktene ventar ein framleis ei stabil utvikling i faktorane bak prisveksten.

Konsumprisindeksen hos våre viktigaste handelspartnarar ser ut til å bli omlag 2 1/2 prosent i 1995. Totland påpeiker at konsumprisveksten i Noreg difor ser ut til å ligge på linje med prisutviklinga hos våre viktigaste handelspartnarar.


Lagt inn 10 januar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen