Historisk arkiv

Sjukefråværet blant statstilsette auka i 1995

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Administrasjonsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Administrasjonsdepartementet


Nr. 10/96

Dato: 01.03.96

Sjukefråværet blant statstilsette auka i 1995

Sjukefråværet blant dei statstilsette auka med 8,5 % i 1995, målt i forhold til 1994. Det var mennene som hadde størst auke i fråværet. Sjukefråvær frå 4 til14 dagar auka mest, med 17,3 %, mens langtidsfråværet auka med 5,8 %. Kortidsfråværet på frå ein til tre dagar auka med 10,7 %. Sjukefråværet ligg framleis 11 % under nivået i 1991, då ein starta eit tre-årig prosjekt med sikte på å få ned sjukefråværet i staten.

Fråværsnivået blant dei statstilsette låg i 1995 på 5,1 %. Korttidsfråværet på inntil tre dagar ligg lågast med 0,8 %, mens langtidsfråværet (fråvær over 14 dagar) ligg høgast med eit nivå på 3,3 % i 1995.

Samanlikna med same kvartal året før auka sjukefråværet i staten med 11,8 % i 4. kvartal 1995.

Administrasjonsminister Nils Totland seier i ein kommentar at ein med utviklinga i sjukefråveret i 1995 er i ferd med å tape noko av den reduksjonen som blei gjort i perioden 1991-1994. Totland er lite tilfreds med at sjukefråværet i staten aukar. Han seier at Administrasjonsdepartementet vil gå nærare inn og analysere det talmaterialet som no ligg føre for 1995.

- Dette er ein auke som Regjeringa tar på alvor. Arbeidet med å redusere sjukefråværet er ei prioritert oppgåve, seier Totland. - Det er viktig at alle statlege verksemder kontinuerleg fylgjer utviklinga i sjukefråværet lokalt, slik at tiltak kan setjast inn der behovet synest sterkast. Oppfølging av langtidssjukemelde og det førebyggjande arbeidet er sentralt her. Administrasjonsdepartementet vil innkalle samtlege fagdepartement til møte der fråværsutviklinga vil bli nærmare drøfta, seier administrasjonsminister Nils Totland.


Kontaktpersoner:
Avdelingsdirektør Finn Melbø eller
førstekonsulent Lilly Ann Elvestad i Arbeidsgivaravdelinga, tlf 222 444 80 / 449 04


Lagt inn 4 mars 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen