Historisk arkiv

100 000 kroner til "FUSION" -ny avis for minoritetsungdom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Barne- og familiedepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Barne- og familiedepartementet


9. november 1995

100 000 kroner til "FUSION"
-ny avis for minoritetsungdom

Barne- og familiedepartementet løyver 100 000 kroner til FUSION, ei avis for ungdom i alderen 13-23 år med ulik etnisk og kulturell bakgrunn.

Iniativet til å gi ut ei avis for minoritetsungdom er tatt av ei gruppe ungdom med innvandrarbakgrunn som bur i Noreg. Barne- og familiedepartementet bidreg med 100 000 kroner til dei tre første nummera av "FUSION".

- Vi legg stor vekt på at avisa skal verte produsert av unge med minoritetsbakgrunn for ei brei gruppe ungdom. Vi trur at ei slik avis kan bidra til å auke kommunikasjonen mellom ulike ungdomsmiljø og samstundes vere eit nyttig bidrag til styresmaktenes forståing av minoritetsungdoms kvardag og utfordringar, seier barne- og familieminister Grete Berget.

I søknaden til departementet vert kvardagen for mange innvandrarunge skildra som konfliktfylt. Dei opplever at heimen krev ei tilpassing og respekt for deira tradisjonelle verdiar, samstundes som dei føler seg tiltrukne av majoritetsungdommens kulturmoglegheitar og tilbod. FUSION skal møte eit behov for informasjon om ein fleirkulturell og fleirspråkleg livssituasjon. I tillegg skal det vere eit forum der tankar og idear kan kome til uttrykk og verte diskuterte.

Lagt inn 14 november 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen