Historisk arkiv

17.000 barn får hjelp av barnevernet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Barne- og familiedepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Barne- og familiedepartementet


20. juni 1995

17 000 barn får hjelp av barnevernet

Nesten 17 000 barn får ulike hjelpetiltak av barnevernet. Dette er ein auke på meir enn 700 frå siste kvartal i 1994.
- Aldri tidlegare har så mange barn fått hjelp av barnevernet. Rapporten for første kvartal i år viser at tilstanden i barnevernet er veldig god, seier barne- og familieminister Grete Berget.

Barnevernet fekk inn 5558 nye meldingar i første kvartal i 1995. Dette er ein auke på 307 frå føre kvartal. Om lag 92 prosent av dei nye meldingane vart gjennomgått innan ei veke.

- Graden av å overhalde tidsfristen for å ha gjennomgått ein ny melding viser til dels store svingingar i einskilde fylke, men ingen fylke har gjort det oppsiktssvekkande dårleg to kvartal på rad. Kvartalsrapporten viser at barnevernet har ei høg måloppnåing, seier Grete Berget.

Dei fleste av barna som er i kontakt med barnevernet mottek hjelp medan dei bur heime. Men om lag 1000 barn er derimot plasserte på kortvarige, frivillige tiltak som i fosterheim, på institusjon eller i mødreheim.

Rapporten viser at talet på barn som har omsorgsplassering har vorte redusert med 182 barn frå 1994. I dag er 5072 barn omplassert.

Fylkeskommunane har for tida 5575 fosterheimar tilgjengeleg for bruk. I desse heimane er det plassert 5122 barn.


Lagt inn 21 juli 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen