Historisk arkiv

Barne- og familieminister Grete Berget oppmodar: -Sei di meining om utkastet til ny barnelov

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Barne- og familiedepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Barne- og familiedepartementet


25. oktober 1995

Barne- og familieminister Grete Berget oppmodar:

-Sei di meining om utkastet til ny barnelov

Barne- og familieminister Grete Berget ber alle interesserte seie meininga si om utkastet til ny barnelov.
-Revideringa av barnelova angår alle, difor ønskjer vi å få tilbakemelding frå så mange som mogleg, seier Grete Berget.

Statsråd Grete Berget går til det uvanlege skrittet å invitere alle interesserte til å ta del i høyringa til ny barnelov. Statsråden meiner berre ei breiast mogleg høyring vil gi oss den beste lova.
- Forholdet mellom barn og foreldre angår alle og er ein del av dagleglivet deira. Fleire av spørsmåla i revideringa av barnelova er så viktige at vi treng mange gode innspel frå brukarane, for det er nemleg dei den gjeld. Vi vil difor freiste å få med flest mogleg i denne høyringa, seier Grete Berget.
Denne invitasjonen går til alle - anten dei er organiserte i offisielle organisasjonar eller ei.

Lagt inn 26 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen