Historisk arkiv

Høyring om vald og mobbing: - Det nyttar å bry seg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Barne- og familiedepartementet


29. august 1995

Høyring om vald og mobbing:
- Det nyttar å bry seg

- Vald og mobbing kan ikkje stoppast gjennom vedtak, men gjennom brei mobilisering, ikkje minst i ungdomsmiljøa. Mange bryr seg om ungdomsvalden, men for mange er redde og handlingslamma. Det nyttar å bry seg, sa barne- og familieminister Grete Berget då ho opna dagshøyringa om vald og mobbing i Oslo i dag.

Statsråden inviterte unge, foreldre og folk frå ulike profesjonar til ei dagshøyring for å drøfte kva som kan gjerast med valden og mobbinga blant dei unge. Det var dei unge som skulle skildra korleis valden artar seg, kva dei meiner er årsaka til at den skjer og kva erfaringar dei har med vald.

Berget meiner ingen kan stille seg likegyldig til mobbinga og valden i samfunnet.

- Problema kan ikkje løysast av fagfolk åleine. Ungdom, foreldre og frivillige organisasjonar må med. Arbeidet må vere tverretatleg og samordna. Vi treng meir kunnskap, og alle må ta eit personleg ansvar, understreka statsråd Grete Berget.

- Vi lever i ei verd som endrar seg raskt. Vi som er politikarar, fagfolk og foreldre er for "gamle" til å vite kva som rører seg i ungdomsmiljøa. Regjeringa vil nemleg at barn og unge skal vere med på å bestemme korleis samfunnet skal sjå ut. Alle barn og unge skal ha ein god oppvekst same kva bakgrunn foreldra har og kvar dei bur i landet. Difor må vi gjere noko med valden, sa Berget.

Statsråden peika også på nokre døme på regjeringas innsats for å redusere valdsbruken blant dei unge:

  • Barnevernet er styrka.
  • Handlingsplan mot vald i biletmedia.
  • Haldningskampanje mot rasisme
  • Auka satsing på ungdomstiltak i dei største byane.
  • Handlingsplan for tryggleik og nærleik i kvardagen.

Lagt inn 29 august 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen