Historisk arkiv

Rivande utvikling for barnehagane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Barne- og familiedepartementet


1. september 1995

Rivande utvikling for barnehagane

Talet på nye barnehagar og barnehageplassar aukar kraftig. I 1994 vart det etablert 15 700 nye barnehageplassar i Noreg. Det er nærmare 5000 fleire enn stipulert.

I 1994 fekk 56,2 prosent av alle barn mellom 1-6 år anten eit pedagogisk tilbod i barnehage eller i skulens lokale. Aldri tidlegare har så mange barn under skulepliktig alder fått pedagogisk tilbod i Noreg.

Når det gjeld aldersgruppa 3-6 år, har det prosentvise talet auka frå 20,6 prosent i 1980 til 60,5 prosent i 1994. Dette betyr at over 146 000 barn mellom 3-6 år i dag får eit barnehagetilbod. Dette talet er meir enn ei fordobling samanlikna med situasjonen i 1980. I tillegg får i dag om lag 23 000 barn eit pedagogisk tilbod i skulens lokale. Desse tala kjem fram i Barne- og familiedepartementets eiga avis "Ta barn på alvor".

- Statistikken viser at utviklinga går i rett lei. Likevel vil eg understreka at målet er full barnehagedekking før år 2000. I tillegg arbeider vi bevisst for å skaffe fleire barnehageplassar til dei minste barna, seier barne- og familieminister Grete Berget.

I 1994 var det til saman om lag 6000 barnehagar i Noreg. I 1977 var det tilsvarande talet 1472. I desse barnehagane var det tilsett til saman 49 394 personar. Berre 2883 av desse var menn.

- Framleis er talet på mannlege tilsette i barnehagen for lågt. Eit av verkemidla våre for å rekruttere fleire menn til barnehagane er at vi vil lage ein video som skal fortelje ungdomsmiljø korleis det er å vere mann og samstundes arbeide med små barn i ein barnehage, seier Grete Berget.


Priv. til red.

Om redaksjonen ønskjer fleire opplysningar, kan det fåast ved å ringe Barne- og familiedepartementet, informasjonssekretariatet på telefon 22 34 24 07.

Med helsing

Torstein Rudi
informasjonssjef


Lagt inn 4 september 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen