Historisk arkiv

Statsbudsjettet 1996 - 2 millionar ekstra til kampen mot vald og mobbing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

P R E S S E M E L D I N G
Barne- og familiedepartementet


4. oktober 1995

STATSBUDSJETTET 1996

2 millionar ekstra til kampen mot vald og mobbing

Regjeringa vil vidareføre og styrke arbeidet mot vald og mobbing blant barn og ungdom.

- Vi vil styrke både det lokale arbeidet mot vald og mobbing og forskingsinnsatsen på dette området, seier barne- og familieminister Grete Berget.

Regjeringa vil løyve 2 millionar kroner ekstra som er øyremerka for å styrke arbeidet mot vald og mobbing blant unge. Denne potten kjem som eit tillegg til andre verkemiddel. Regjeringa fører vidare satsinga på tiltak for barn og unge i dei 9 største byane. Barnevernet er styrka, nyleg kom regjeringa med ein handlingplan mot vald i biletmedia. I tillegg satsar den også på kampanjar mot rasisme samt regjeringas førebyggingsprogram "Trygghet og nærhet i hverdagen".

- Det er behov for å sjå innsatsen på alle desse områda i ein samanheng. Vi vil arbeide for å få til ei sterkare samordning av dei ulike tiltaka sentralt og lokalt. Det nyttar å bry seg, vi vil ha ei brei mobilisering i kampen mot desse ungdomsproblema. Difor vil vi trekkje foreldra, dei frivillige organisasjonane og barn og ungdom aktivt inn i arbeidet, seier barne- og familieminister Grete Berget.

Styrka arbeid mot rasistiske haldningar og åtferd vil verte ein viktig del av arbeidet framover.

- Å støtte opp om barn og unges eigen innsats er ein særskilt viktig del av det valdsførebyggjande arbeidet i kommunane. Skulen, fritidsklubbar og dei mange frivillige organisasjonane er difor ei sentral arena for mykje av dette arbeidet, seier statsråd Berget. Dette skal gjerast gjennom informasjons- og rettleiingsmateriell for mellom anna foreldre, lærarar og elevar og forsking- og utviklingsarbeid. Her vil Barne- og familiedepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskningsdepartementet samkøyre ressursane sine.

Universitetet i Bergen vil opprette ei forskargruppe som skal forske om og førebyggje mobbing og antisosial åtferd blant barn og ungdom. Dette vil regjeringa støtte.

- Gjennom ei slik forskargruppe vil vi sikre oss breiare kompetanse på området som kan gi oss svar på viktige og aktuelle spørsmål i forhold til vald og mobbing, seier Grete Berget.


Lagt inn 4 oktober 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen