Historisk arkiv

1375 gjeldsforhandlingar opna

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Barne- og familiedepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Barne- og familiedepartementet

Referanse: 96096

Gjeldsordningslova:

1375 gjeldsforhandlingar opna

Auken i saksmengda held fram for namsretten og namsmannen. Første halvår i år vart nesten 1400 gjeldsforhandlingar opna. Dette er om lag 130 fleire saker enn for same periode i fjor.

Forbrukarminister Grete Berget konstanterer at det går lettare og lettare å få sakene opp i behandlingsapparatet, samstundes åtvarar ho mot å konkludere taloversikta med at pågangen i talet på gjeldsofre som vender seg stig.

- Desse tala representerer kapasiteten i namsvesenet, og den vert stadig betre. Gjeldsordningslova er vorte ein anerkjent reiskap til å løyse privatpersonars problem i Noreg. Dette viser at det var riktig å innføre Gjeldsordningslova, og den er viktig, seier Grete Berget.

Talet på frivillige gjeldsordningar dei seks første månadene i år steig med om lag 50 til 390 samanlikna med same periode i fjor. Det vart opna 956 tvongne gjeldsordningar som er 85 fleire enn i 1995.


Oversikt over saksmengden i årene 1993 til 1995.

Tallene gjelder både politiavdelingen og domstolavdelingens yttre etat.

ÅrAntall søknaderAntall åpn. gjeldsforh.Ant. friv. gjelsordn.Ant. tvung. gjeldsordn.Sum gjeldsordn.
19933.2641.101167148315
19943.3932.0805069401.446
19954.0722.3756811.0231.704
Sum10.7295.5561.3542.1113.465

Oversikt over bruk av medhjelper i årene 1993 til 1995

ÅrGodtgjørelse utbetalt til medhjelper tot.Godtgjørelse utbetalt i saker ved lensmannskontoreneAnt. saker med medhjelper tot.
1993kr. 3.537.198kr. 1.245.2201.258
1994kr. 7.993.613kr. 3.540.4052.479
1995kr. 9.914.291kr. 4.657.2622.835
Sumkr. 21.445.102kr. 9.442.8876.572

Lagt inn 15 august 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen