Historisk arkiv

21,5 millionar til omstilling i barnehagane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997

Nr. 96118, 4 oktober 1996

Barnernehage:

21,5 millionar til omstilling i barnehagane

Regjeringa vil ha fleire barnehageplassar for dei minste barna. Eit nytt omstillingstilskot skal gjere det enklare å tilpasse barnehagane til barn under tre år.

- Vi foreslår å løyve 10.000 kroner per barn som eit eingongstilskot til alle ordinære barnehagar som får til nye småbarnsplassar, seier barne- og familieminister Grete Berget.

Grunnskulereformen frigir barnehageplassar som statsråden meiner dei minste barna bør overta. Omstillingstilskotet vil blant anna gjere det enklare for ein del barnehageeigarar å føreta einskilte utbetringar av lokala for å tilpasse barnehagen dei minste barna.

- Tilskotet vil verte retta mot barnehagar som etablerer plassar til barn mellom 0-3 år anten dette skjer ved oppfylling av frigitte barnehageplassar etter at 6-åringane får eit pedagogisk tilbod i skulens lokale eller ved nye barnehageplassar. Det er berre dei ordinære barnehagane som får eit slikt tilskot som vi reknar med vil ha ei ramme på over 21millionar kroner, seier Berget.

For å få omstillingstilskot må mottakaren plikte seg til mellom anna at barnehagen skal gi barnehageplass eit visst tal år framover. Barnehagane må også dokumentere kapasitetsauke for aldersgruppa 0-3 år.

Det vil verte laga eigne retningslinjer til omstillingstilskotet.

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen