Historisk arkiv

3,5 millionar til nytt europeisk ungdomsprogram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

08.10.96

3,5 millionar til nytt europeisk ungdomsprogram

Noreg skal delta i eit nytt europeisk utvekslingsprogram for ungdom, og regjeringa vil løyve 3,5 millonar kroner til dette programmet for 1997.

- Dette er ein gylden sjanse for norsk ungdom til å lære å kjenne andre lands kulturar, seier statsråd Grete Berget.

Frå 1. januar neste år vil Noreg vere med i EUs nye ungdomspolitiske tiltak "Frivillig samfunnsteneste for ungdom". I dette tiltaket vert det lagt opp til ei storstila europeisk ungdomsutveksling. Programmet gir ungdom mellom 18-25 år ein eineståande sjanse til å lære meir om mellom anna eldre, funksjonshemma, flyktningar og miljøvern i andre europeiske land.

- Målsettinga med tiltaket er å engasjere ungdom til å ta aktivt del i lokalsamfunnet i eit anna europeisk land ved å utføre ei frivillig teneste for ein periode på 6-12 månader, seier barne- og familieminister Grete Berget.

Ho peikar på at den frivillige samfunnstenesta skal bidra til å skaffe den einskilte ungdom auka kompetanse, betre erfaring og auka forståing for samfunnsliv og kulturtradisjonar i andre land. Tenesta skal ikkje erstatte militærtenesta eller siviltenesta for militærnektarar. Den skal heller ikkje omfatte oppgåver som vert løyst av fast tilsett arbeidskraft ved ordinært løna arbeid.

I utgangspunktet er dette eit prøveprosjekt som varer ut 1997, men Europakommisjonen reknar med at det vert eit fleirårig prosjekt frå 1998.

EUs budsjett for programmet i 1997 vil vere på om lag 140 millionar kroner.

Meir informasjon kan fåast ved å ringe BFD på telefon 22 24 24 07.

Lagt inn 8 oktober 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen