Historisk arkiv

52,5 millionar kroner til barne- og ungdomsorganisasjonane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997

Nr. 96119, 4 oktober 1996

52,5 millionar kroner til barne- og ungdomsorganisasjonane

Regjeringa vil for 1997 løyve 52,5 millionar kroner til barne- og ungdomsorganisasjonane, Landsrådet for norske barne- og ungdomsorganisasjoner og Landsforeningen for ungdom og fritid. For 1997 vil det ikkje verte endringar av reglane for fordeling av pengane.

Barne- og familiedepartementet har sett ned eit utval som vurderer den framtidige ordninga med driftstilskot til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane. Innstillinga til utvalet vil kome i november, og skal vidare på høyring før departementet kjem med eit endeleg forslag. Noverande regelverk vil også gjelde for tildelinga i 1997.

Kontaktperson:

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen