Historisk arkiv

5 millionar til familiearbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding Statsbudsjettet 1997

Nr.96117, 4 oktober 1996

5 millionar til familiearbeid

Regjeringa vil løyve fem millionar kroner til foreldrerettleiing og samlivstiltak.

- Målet med løyvinga er å støtte og styrke foreldra i oppdragar og omsorgsrolla deira for eigne barn samt å styrke ekteskap og sambuarforhold for å førebyggje familieproblem, seier statsråd Grete Berget.

I skandinaviske land har ein aukande del av barna psyko-sosiale vanskar. Rettleiingstilbod kan bidra til å førebyggje desse vanskane hjå barn og unge når foreldrerolla vert styrka. Til dette har Barne- og familiedepartementet utvikla eit omfattande rettleiingsmateriell som skal styrke fagfolkas kompetanse i samtalen med foreldre.

- Ei gransking blant småbarnsforeldre som vart gjennomført i 1995, viser at mange ønskjer og har behov for rettleiing i spørsmål som gjeld oppdraging av barn, seier Berget.

Målet med løyvingane er:

Foreldre som ønskjer frivillig rettleing om dagleglivsspørsmål om barna sine, skal få det. Dette tiltaket skal stimulere og støtte fedrene til å ta meir del i omsorgen for barna.

Det er oppretta fylkesvise koordineringsgrupper for foreldrerettleiingsprosjekta i alle fylka. Foreldrerettleing er eit kommunalt ansvar.

For å styrke ekteskap og sambuarforhold vert det gitt tilskot til samlivstiltak der frivillige organisasjonar kan søke om støtte.

Det vert gitt pengar til utviklingsprosjekt som gjeld materiell og kompetanseutvikling Denne tilskotsordninga vil verte evaluert i løpet av 1997.

Sist oppdatert 4 oktober 1996 av Statens Forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen