Historisk arkiv

Barnevernet på rett spor

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Barne- og familiedepartementet


Pressemelding
Barne- og familiedepartementet


3. mai 1996

Stortingsmelding om barnevernet viser:

Barnevernet på rett spor

- I 1995 fekk om lag 20 000 barn ei eller anna form for hjelp av barnevernet. Dette er dobbelt så mange som for fem år sidan. Tre av fire av desse får hjelp medan dei bur heime med foreldra sine. Løftet i barnevernet fører til raskare hjelp for barn og foreldra deira, seier statsråd Grete Berget.

I løpet av 1995 kom det inn 20 000 nye meldingar til barnevernet. I gjennomsnitt får barnevernet inn 4500 nye meldingar i kvartalet. Dette er nokre av tala som kjem fram i stortingsmeldinga om barnevernet som passerte statsråd i dag.

- Då Utviklingsprogrammet for barnevernet starta i 1991, låg det 6000 uhandsama meldingar i barnevernet. Desse såkalla "mappebarna" er no historie. Årsaka til denne utviklinga er kompetanseheving og fleire tilsette i kommunanes barnevernteneste samt innføringa av ny barnevernlov med tidsfrist for sakshandsaming, seier Grete Berget. Ho understrekar at barneverntenesta i dag har ein mykje betre oversikt og styring med saksmengda og arbeidsoppgåvene enn for berre nokre få år attende. Samstundes er barnas og foreldras rettstryggleik auka gjennom den nye barnevernlova.

Barneverntenesta kan no kome tidlegare på bana for terskelen for å få hjelp er lågare. I tillegg er hjelpetiltaka utvida.

- Ulike etatar samarbeider no aktivt for å betre oppvekstvilkåra i kommunane. I tillegg har dei fleste utarbeida planar for hjelpetiltak for barn og foreldre som treng hjelp, seier Berget.

Dette er den første oppsummeringa av barnevernlova etter at den trådde i kraft i 1993. Barne- og familiedepartementet har sett i gang ei omfattande evalueringa av lova, resultata vil føreliggje i løpet av1998.

- Utfordringane for barnevernet er at tidsfristane som er nedfelt i barnevernlova skal overhaldast. I dag vert 95 prosent av meldingane og 86 prosent av granskingssakene handsama innaføre fristane. Dette bør verte betre, og departementet vil følgje det opp, understrekar Berget.

Utfordringa framover for barnevernet er å heve kompetansen til dei tilsette samt betre høvet til å rettleie sakshandsamarane.

- Vi vil at dialogen mellom barnevernet og familien skal verte betre. Samstundes ønskjer vi at barnevernets forhold til både folk og media skal verte opnare og meir tilgjengeleg, seier Grete Berget. Eit av verkemidla for å nå det målet er departementets informasjonsplan for barnevernet.


Faktaark om Barnevernet

Bakgrunn:

  • Dagens barnevernslov trådde i kraft 1. januar 1993.
  • Tverrpolitisk semje om at det er nødvendig å ha ei lov som skal sikre barn mot overgrep og omsorgssvikt.
  • Barnas og foreldras rettstryggleik er sikra i barnevernlova.
  • Utgangspunktet er at barn skal vekse opp saman med sine biologiske foreldre. Barnets beste skal vere mest tungtvegande.
  • Før Utviklingsprogrammet for barnevernet var det kapasitetsproblem i den kommunale barneverntenesta. Meldingar og granskingssaker vart liggjande - dei såkalla "mappebarna".
  • Utviklingsprogrammet stilte krav til framdrift, kvartalsvise rapporteringar frå både kommunane og fylkeskommunane.
  • Har tidlegare hatt dårlege statistikkar.
  • Sit no med statistikkar som gir langt betre oversikt over utviklinga enn tidlegare.
  • Dagens rapportering gir oversikt over bemanningssituasjonen, tal og type saker og behandlinga av desse. I tillegg har ein no oversikt over kompetanseoppbygginga mellom dei tilsette.
  • Krav til systematikk. Mellom anna er tidsfristar nedfelt i barnevernlova.
  • Kompleksiteten i barnevernsakene er større og utfordringane fleire.
  • Kvaliteten og tenestetilboda skal verte meir lik over heile landet.
  • Terskelen for å få hjelp er sett lågare enn tidlegare.

Status:

  • Talet på tilsette i barnevernet har auka etter at Utviklingsprogrammet vart avslutta. I kommunane auka talet stillingar frå 831i 1990 til 2319 stillingar i 1995. For fylkeskommunane steig talet i tilsvarande periode frå 1250 til 2263 stillingar.
  • I Noreg er det om lag 1 million barn under 18 år. Vel tre prosent av desse får ei eller anna form for hjelp av barnevernet. Førebyggjande tiltak står sentralt.
  • Kvart kvartal mottek barnevernet vel 4500 nye meldingar.
  • 50 prosent av sakene vert avvist
  • Ved utgangen av 1995 viste kvartalsrapporteringa at det var 17 399 barn som var i hjelpetiltak. 5018 barn var under omsorg. I tillegg til desse er 323 unge plassert i åtferdstiltak. I 1995 hadde til saman 727 barn og unge også vore mellombels plassert.
  • 96 prosent av meldingane vart ved utgangen av 1995 handsama i løpet av ei veke medan ved inngangen til 1995 var talet 92 prosent.
  • Statistikken viser at det som oftast er familien sjølv og barnets øvrige familie og naboar som vender seg eller melder saker til barnevernet. Desse utgjorde 30 prosent av alle meldingane.
  • Barnevernvakt, politi samt skule står for 10 prosent av meldingane.
  • Talet på hjelpetiltak stig medan omsorgstiltaka viser ein svak nedgang etter ein topp i 1992.
  • Ved utgangen av 1995 var 1084 barn plasssert utanfor heimen sin som eit frivillig mellombels hjelpetiltak.
  • Dei fleste barna som er plassert utanfor heimen i hjelpetiltak, er plassert i fosterheim. Desse utgjer 632, medan 377 er plassert på institusjon. 75 barn bur saman med mødrene sine i mødreheim.
  • Ved utgangen av 1995 viste rapporteringa at 5018 barn var under barnevernets omsorg. Meir enn 80 prosent av barn og unge under offentleg omsorg er plassert i fosterheim.
  • 3513 barn er plassert i ordinære fosterheim, 1358 i forsterka fosterheim. 885 barn bur på institusjon medan 344 barn har vore plassert på kriseinstitusjon og 164 i beredskapsheim.

Barn, foreldre og fosterheim:

  • Barn i tiltak og foreldra deira skal i størst mogleg grad vere med i utforminga av planen.
  • Ved omsorgsovertaking skal det vedtakast ein plan for barnets omsorgssituasjon samstundes med omplasseringsvedtaket.
  • Det er utarbeida ei rutinehandbok og rettleiar i fosterheimsarbeid. Den skal mellom anna sikre at biologiske foreldre får ei betre oppfølging etter ei fosterheimsplassering.
  • Økonomisk bistand til barnet er eit av tiltaka som vert mest nytta då i hovudsak saman med andre hjelpetiltak.
  • Barnehage er også eit av dei mest nytta tiltaka i barnevernet.
  • Omsorgstiltak må handsamast av fylkesnemnda for sosiale saker - sjølv om foreldra er samde i tiltaket.

Fylkeskommune:

  • Fylkesmennene er aktive pådrivarar.
  • Den fylkeskommunale barneverntenesta har ansvar for å rekruttere, lære opp og formidle, samt sørgje for at kommunane til ei kvar tid har tilgang på tilstrekkeleg og eigna fosterheim.
  • Ungdomsheimane tek i mot ungdom frå13 - 18 år.
  • Barneheimane er små einingar med plass til 4 - 8 barn.
  • Bu- og arbeidskollektiv vert nytta.
  • Barnevernlova gir heimel for at ein ungdom kan plasserast og haldast attende i ein institusjon frå fire veker og inntil 24 månadar utan eige eller foreldras samtykke. Dette gjeld berre dersom ungdomen viser alvorleg åtferdsvanskar.
  • Fylkesmennene har tilsynsordningar med institusjonane - skal skje minst fire gonger i året. Institusjonar som tek i mot barn med alvorlege åtferdsvanskar skal besøkast minst åtte gonger kvart år.

Gallup:

  • Barnevernet har størst tillit hjå dei som sjølv hadde erfaring som brukarar av barneverntenesta.
  • Norsk Gallup gransking frå 1995 viser mellom anna at 32 prosent meiner at barnevernet grip for sjeldan inn når barn kan ta skade av sine heimeforhold.
  • 43 prosent meiner at barnevernet er godt eigna til å gripe inn i slike saker. Samanlikna med 1993 er dette ein auke på nesten 10 prosent.
  • 65 prosent er for at barnevernet kan bruke tvang når det trengst.

Adopsjon:

  • Ein adopsjon er definitiv.
  • Tal frå fylkesnemdene for 1993 og 1994 viser at det vert truffe i gjennomsnitt 36 vedtak om nekting av samvær og 40 vedtak om plassering av barn på skjult adresse kvart år.
  • For dei same åra er det gitt løyve til 25 adopsjonar pr år.

Rettstryggleik:

  • I følgje fylkesnemdas rapporterinsstatistikk for 1995 handsama alle landets fylkesnemder til saman 1800 saker i 1995.
  • Når barnet har fylt 12 år skal det alltid få seie meininga si før vedtak om plassering i til dømes fosterheim vert avsagt.
  • Barn som har fylt 15 år og forstår kva saka gjeld, kan opptre som part i saka og kan gjere partsrettar gjeldande.
  • I 1995 oppnemnde ei nemnd talsperson i 18 prosent av samtlege saker. På landsbasis vart det oppnemnd talsperson i 7 prosent av sakene.
  • Barne- og familiedepartementet har utarbeida ei forskrift om barns rettar under opphald i barneverninstitusjon.
  • Der det er mest truleg at barnet vil komme i omsorgssviktssituasjon, til dømes når foreldra er tungt belasta rusmisbrukarar, kan det treffast førebels vedtak om omsorgsovertaking for eit nyfødt barn når barnet framleis oppheld seg på fødeklinikken.

Framtid:

  • I løpet av 1998 vil resultata av evalueringa av barnevernlova vere klare.
  • Barnevernet har fire kompetansesenter rundt om i Noreg.
  • Utdanningsdebatten synes å trekke i to hovudretningar: På den eine sida er ønsket om ei forenkling av utdanningssystemet med vekt på yrkesmessig mobilitet. På den andre vert det ønskja auka tverrfagleg samarbeid og auka spesialkompetanse på dei einskilte områda. Barne- og familiedepartementet vil ta initiativ til ei utreiing om grunnutdanningane i barnevernet.
  • Departementet satsar på å sikre ei kontinuerleg oppdatering og vidareutvikling av kompetansenivået i barnevernet.
  • 61 prosent av kommunane har utarbeida førebyggjande planar. 21 prosent av kommunane arbeider med planane.
  • Sosial- og heldsedepartementet og Barne- og familiedepartementet utarbeider ein plan for å styrkje dei fylkeskommunale tilboda til barn og unge med særskilt vekt på å førebyggje og stoppe utviklinga av alvorlege skader hjå barn og unge med samansette problem.

Lagt inn 3 mai 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen