Historisk arkiv

For vilkårleg hjelp til dei mest vanskeleg stilte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet


Pressemelding
Barne- og familiedepartementet


15. januar 1996

Statsråd Grete Berget:

For vilkårleg hjelp til dei mest vanskeleg stilte

- Vi treng mindre profesjonskrig og meir samarbeid og samordning. Det har vore ein tendens til å overfokusere dei unge sine problem - og underfokusere korleis det profesjonelle hjelpeapparatet rundt dei unge fungerar. Det er dei 300 unge med alvorlege åtferdsvanskar som tapar på det. Vi har ikkje godt nok tilbod til desse, mellom anna fordi vi ikkje har klart å få til samarbeid og samordning mellom profesjonar, etatar og sektorar, sa barne- og familieminister Grete Berget då ho opna konferansen om samarbeid og samordning mellom barnevern og barne- og ungdomspsykiatri i Oslo måndag.

Barne- og familieminsteren arbeider no saman med helseministeren for å byggje ut og sikre tilbodet til barn og unge med samansette problem, med særleg vekt på barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar. - Det er ei særleg utfordring å få barnevernet og barne- og ungdompsykiatrien til å samarbeide og samordne tenesten, både i forhold til inntaksprosedyrer, val av varierte tiltak, og oppfølgingsarbeidet etter endt institusjonsopphald. Tilbodet i manger fylke er i for stor grad prega av at dei ulike delane av hjelpeapparatet ikkje er bygd ut for å utfylle kvarandre. I staden blir det for vilkårleg kven som gir hjelp. Hjelpa dekkjer berre ein del av problemet fordi ein ikkje drar nytte av kvarandre sin kunnskap, og mange fell utanfor det offentlege tilbodet, sa Berget.

Statsråden tok i foredraget sitt også eit oppgjer med mange av tilboda private institusjonar gir desse unge. Ho peika på at ein del av langtidstilboda for ungdom med alvorlege åtferdsproblem er tiltak som ikkje alltid tilfredsstiller faglege og etiske krav til opplæring og behandling. - Mellom anna har vi sett døme på at desse tiltaka ofte nyttar arbeidsmetodar som ikkje kan forsvarast. Det vert nytta undertrykkande metodar i arbeidet med å få tvangsplasserte ungdommar til å innordne seg institusjonens ideologi og regelverk. Dette kan vere både skadeleg og i strid med lovverket, sa Grete Berget.

Dagens konferanse, eit samarbeid mellom Barne- og familiedepartementet og Sosial- og helsedepartementet, fokuserer på samarbeid og samordning innaføre dei fylkeskommunale barne- og ungdomstenestene. Bakgrunn er eit statleg forsøk med samordning i seks fylke: Troms, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal, Hedmark, Oslo og Rogaland. Utgangspunktet for denne forsøksverksemda er at samarbeidet mellom barnevern og barne- og ungdomspsykiatri skal verte betre. - Målet er å bryte ned barrierar mellom desse tenestene. Stikkorda er å gjere dei tilgjengelege og brukarvennlege. Ein evalueringsrapport frå Norsk institutt for by- og regionforsning (NIBR) konkluderer med at dette forsøket har ført til eit styrka samarbeid, seier Grete Berget.

Barne- og familieminister Grete Berget vil gi dispensasjonar frå reglane om teieplikt. - Kva gevinstar vil slike dispensasjonar gi barnevernet? Kva vil det bety for den einskildes rettstryggleik? Desse spørsmåla reiste statsråd Grete Berget i foredraget sitt. Statsråden meiner det kan vere lærerikt med forsøk der det vert opna for å gi dispensasjon frå den lovbestemte teieplikta. Lov om forsøk i offentleg forvaltning opnar imidlertid ikkje for slike forsøk, og difor har Barne- og familiedepartementet teke med ein eigen forsøksregel i barnevernlova. - Om vi gir dispensasjonar frå regelverket om teieplikt, vil vi kunne få kunnskapar om kva utslag dette vil ha for den einskilde klient. Samstundes vil det gi oss svar på kva vi vinn i forhold til samarbeidsgrupper og utnytting av organisasjonsformer, seier Grete Berget.


Lagt inn 16 januar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen