Historisk arkiv

Forslag om nettverk mot barnesex

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Barne- og familiedepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Barne- og familiedepartementet

Dato : 27.08.96
Referanse: 96100

Statsråd Grete Berget i Stockholm:

Forslag om nettverk mot barnesex

Barne- og familieminister Grete Berget går inn for å opprette eit internasjonalt nettverk mot barnepornografi og pedofile kontaktnett på dataområdet. Dette foreslo ho på Verdskongressen om kommersiell seksuell utnytting av barn i Stockholm onsdag.

Statsråden peika på at forslaget inneber å kjempe mot misbruken av dei nye media som verktøy for å utnytte barn. Ho understrekar at dette berre kan skje slik at det ikkje kjem i konflikt med ytringsfridomen.

Grete Berget går inn for at fleire yrkesgrupper som arbeider med barn skal måtte leggje fram politiattest.

- Auka bruk av politiattestar skal verne barna betre mot overgrep. Samtlege tilsette i barnehagane har måtta i følgje barnehagelova leggje fram politiattest før dei får byrje å arbeide i ein barnehage. Regjeringa planlegg å vidareføre dette i eit lovforslag som gjer at det vil verte kravd politiattest for alle i barnevernet anten det er institusjonar, omsorg eller fosterheim, sa statsråden.

Målet til regjeringa er å unngå at dei som tidlegare er tiltala eller straffa for overgrep mot barn, ikkje får moglegheit til å kome attende til miljø der det er mange barn.

Stockholmkongressen er den første i sitt slag som i heilskap set på dagsorden kommersiell seksuell utnytting av barn. Med det meinast her barnepornografi, prostitusjon og sal eller ulovleg handel av barn for seksuelle føremål.

Målsettingane til Stockholm-kongressen:

  • klargjere problemas omfang,
  • setje søkjelyset på relevante tema som til dømes lovverk, sexturisme, barnepornografi, medias rolle
  • diskusjonar skal betre erfaringsutvekslinga og dermed betre framtidig satsing
  • vedta ei Erklæring og utvikle ein strategisk Handlingsplan mot kommersiell seksuell utnytting av barn og å verne barn sine rettar.

Lagt inn 27 august 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen