Full barnehagedekking vil koste 12-17 milliardar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgiver: Barne- og familiedepartementet
Pressemelding | Dato: 30.09.1996 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Nr.96113 30.09.96
Full barnehagedekking vil koste 12-17 milliardar
- Full barnehagedekking vil årleg koste mellom 12-17 milliardar kroner. I 1994 brukte staten, kommunane og foreldra til saman 9 milliardar på barnehagedrifta. Målet om full barnehagedekking før år 2000 står fast. Det betyr at staten og kommunane har eit felles ansvar, seier statsråd Grete Berget.
- Det tok 149 år å byggje dei første 100.000 barnehageplassane. Dei neste 100.000 vart etablert i løpet av 8 år. Det fortel noko om kva temposkifte vi har hatt i barnehageutbygginga, understrekar barne- og familieministeren.
Statsråden viser til overslag som illustrerer kva fullbarnehagedekking vil seie:
0 år | 1-2 år | 3-5år | |
Lågt overslag | 2 % | 66 % | 70 % |
Høgt overslag | 3 % | 85 % | 90 % |
Målsettinga til staten er på landsbasis å dekkje 40 prosent av barnehageutgiftene. Dei resterande 60 prosenta skal delast likt mellom eigar og foreldra. Staten dekka i 1994 om lag 40 prosent medan kommunane stod berre for 23. Denne prosenten er på veg nedover - ikkje minst av di stadig færre kommunar yter hjelp til private barnehagar.
Kommunane brukte i 1994 2,1 milliardar kroner på barnehagane medan 30 prosent ved full dekking tilseier ein plass mellom 3,6-5,1 milliardar kroner pr år. Samstundes dekka foreldra nær 36 prosent av barnehagekostnadene. Særskilt i private barnehagar fell store delar av kostnadene på foreldra, og tendensen er at foreldra stadig må betale meir.
- Foreldrebetalingas del av kostnadene aukar både i kommunale og private barnehagar. Samstundes veit vi at vi treng fleire plassar til dei minste barna - og desse er dei dyraste. Dette krev at kommunane må dekkje ein større del av kostnadene slik at foreldra får ein barnehageplass dei har råd til å betale for, seier Grete Berget.
Lagt inn av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen