Historisk arkiv

Kommunane må løyve meir til barnehagane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Barne- og familiedepartementet

Pressemelding

Nr. 96108
24.09.96

Kommunane må løyve meir til barnehagane

Grete Berget bekymra:

- Kommunane må løyve meir til barnehagane

- Medan statens løyvingar til barnehagane er vorte meir enn fem gonger så stort i løpet av dei siste 10 åra, reduserer stadig kommunane sin del. Dette bekymrar meg. Kommunane må løyve meir til barnehagane, sa Grete Berget på ein barnehagekonferanse i Sunndal i dag.

I løpet av dei siste 10 åra har det vorte plass til 100.000 fleire barn i barnehagane. Dette betyr store utgifter for både foreldre, stat og kommune. Statens løyvingar til barnehagane har auka frå 750 millionar kroner i 1986 til vel 4 milliardar i 1996.

Barne- og familieminister Grete Berget sa på konferansen at statens mål er å dekkje 40 prosent av driftsutgiftene til barnehagane medan eigar og foreldra kvar skal betale 30 prosent.

- Staten har nådd målet sitt, men i takt med at staten og foreldra aukar sin del, reduserer kommunane sin. Den høge foreldrebetalinga i mange av dei private og i nokre kommunale barnehagar uroar meg, understreka statsråden.

Høg prisgir korte ventelister

Ho la vekt på at mange foreldre ikkje spør etter barnehageplass av di eigabetalinga er for høg.

- Ut frå dette må kommunane vere forsiktige med å seie at inga venteliste betyr full behovsdekking i kommunen. Regjeringa har ikkje som mål å kvitte seg med ventelistene, men heller å gi småbarnsfamiliane den barnehageplassen dei treng til ein pris dei kan betale.

Statsråden viste til Arbeiderpartiets forslag til arbeidsprogram der eit av framlegga på barnehageområdet er å innføre eit omstillingstilskot som kan brukast til å gjere om plassane etter 6-åringane til småbarnsplassar. I tillegg vonar ho at ved full barnehagedekking i år 2000, vil det verte bygt opp tilbod om noko gratis tid i barnehagane for 3-5 åringane.

- Slik vil vi sikre at alle barn får moglegheit til å nyte godt av det sosiale og pedagogiske tilbodet barnehagen gir, sa Grete Berget.

Lagt inn 26 september 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen