Historisk arkiv

Nesten 7 av 10 kommunar har snart slik plan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Barne- og familiedepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Barne- og familiedepartementet

Dato : 19.08.96
Referanse: 96097

Full barnehagedekning før år 2000:

Nesten 7 av 10 kommunar har snart slik plan

Ei kommunegransking Barne- og familiedepartementet nyleg har gjennomført, viser at 65 prosent av kommunane har eller arbeider med planar for full barnehagedekning. Granskinga viser store variasjonar mellom kommunane.No er rapporten frå departementet klar.

94 prosent av kommunane har svara på skjemaet frå departemenet, og svara gir ein god peikepinn på korleis barnehagesituasjonen er i kommunane.

- Svara viser at mange kommunar som ikkje har full behovsdekning, heller ikkje har starta planlegginga for å nå dette målet. Det er berre med aktiv medverknad frå alle kommunane at vi kan oppnå full behovsdekning før år 2000, seier barne- og familieminister Grete Berget.

Samordninga mellom kommunal og privat barnehagedrift er også kartlagd. Berre 39 prosent av kommunane seier at planane deira omfattar begge driftsformene.

- Dersom dette resultatet stemmer med røynda, er biletet langt frå tilfredsstillande, seier statsråden.

Behovet for full barnehagedekning varierer frå kommune til kommune. Behovsgjennomsnittstala i prosent for årskulla basert på tal frå 80 kommunar ser slik ut:

0 år:113 år: 78
1 år: 604 år: 82
2 år:655 år: 84

Lagt inn 19 august 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen