Oslo får 15,5 millionar til ungdomstiltak
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Brundtland III
Utgjevar: Barne- og familiedepartementet
Pressemelding | Dato: 29.02.1996 | Sist oppdatert: 21.10.2006
Pressemelding
Barne- og familiedepartementet
29. februar 1996
Oslo får 15,5 millionar til ungdomstiltak
Av ein samla pott på 27 millionar kroner til særskilte tiltak for barn og unge i storbyar, får Oslo om lag 15,5 millionar ved denne tildelinga.
- Formålet med å løyve pengar til dei ni største byane er å betre fritidstilboda til barn og unge, seier barne- og familieminister Grete Berget.
- Tiltaka vitnar om stor kreativitet og engasjement rundt om i bydelane for å hindre at dei unge kjem i drift eller i krisesituasjonar, seier Grete Berget.
Dei seks prioriterte bydelane får 10,5 millionar kroner i tilskot til 42 ulike prosjekt. I tillegg er det lova 5 millionar til byomfattande tiltak og tiltak i dei andre bydelane.
Dei seks prioriterte bydelane har fått pengar til desse tiltaka:
Grünerløkka-Sofienberg:
X-Ray Ungdomskulturhus får 450 000 kroner. Eit tiltak som skal gjere at unge som er opptekne av musikk og dans skal få betre utnytte interessene sine. Senteret har ein fleirkulturell ikkje-valdsprofil
"Dragen" Juniorklubb tilbod får 445 000 kroner for å tilby gode og spanande fritidsaktivitetar for barn. Klubben skal mellom anna delta i Europeisk ungdomsutveksling gjennom Youth for Europe-programmet.
Radio knockout, Ungdomsradio får 115 00 kroner. Dette prosjektet er ein modell for å lære opp ungdom til å drive ungdomsradio.
" Slurpen" får 200 000 kroner for å utvikle ei innadørsarena som møtestad mellom idrett og korps/kor for barn i nærmiljøet.
Sommarklubben, ferieaktivitetar får 110 000 kroner til å oppfylle behov for spaning, opplevingar, samver og tryggleik. Den arrangerer veketurar for ungdom slik at dei skal kome seg heilt vekk frå bydelen sin for ei stund.
" Ung i sentrum" fleirkulturelle jenter/kvinnetilbod er tildelt 200 000 kroner for å skape eit fleirkulturelt idretts-/aktivitetssenter med jenter og kvinner i fokus.
Non Fighting Generation - etablering og vidare utvikling får 200 000 kroner. Prosjektet ønskjer gjennom aksjonar og direkte kontakt ungdom til ungdom å skape eit landsomfattande nettverk av ikkje-organisert ungdom som likevel vil involvere seg i kampen mot vald og rasisme.
Gamle Oslo
Sommarskulen får 150 000 kroner for å sikre at barn og unge med innvandrarbakgrunn får halde vedlike norskkunnskapane sine gjennom sommarferien. Det skjer gjennom leik og opplevingar.
" Urtehagen" er tildelt 350 000 kroner. Urtehagen startar og utviklar tiltak som særskilt rettar seg mot innvandrarjenter.
Friluftsliv i Gamle Oslo (FRIGO) får 1.100 000 kroner for å etablere eit servicesenter for friluftsliv. Tiltaket har ei rad ulike tilbod og samfinansierast med bydelen og prosjektet "Miljøbyen Gamle Oslo".
Leksehjelp i indre øst får 650 000 kroner. Prosjektet er eit tverretatleg samarbeid som tek sikte på å førebyggje ein terapiidentitet i skuleverket ved å satse på hjelp til mellom anna lekser.
Internasjonalt Kultursenter og Museum er tildelt 400 000 kroner. Målsettinga er å vidareutvikle IKM sine aktivitetar ved å skape assosiasjonar til det fleirkulturelle samfunn.
Søndre Nordstrand
" Ung i storby" får 300 000 kroner for å sette inn tiltak for å hindre at ungdom reiser til sentrum ved å byggje opp positive miljøe i bydelen.
Koordinere sommar og fritidsaktivitetar for barn og unge er tildelt 385 000 kroner. Prosjektet skal mellom anna verke konfliktshemmande-, - løysande i miljøet.
Ressurs og problemgruppa (ROP) får 100 000 kroner for mellom anna å samordne bydelens førebyggjande tiltak tverrsektorialt.
Rudene menighetskrets får 600 000 kroner til ungdomstiltak.
Furuset
Helgevirksomheit i fritidsklubbane er tildelt 200 000 kroner. Prosjektet ønskjer å gi ungdom i bydelen aktivitetstilbud i regi av fritidsklubbane laurdagar og søndagar.
Utekontakt i fritidsklubbane, 50 00o kroner. Målet er mellom anna å styrke fritidsklubbanes oppsøkande verksemd for å nå fleire unge samt auke rekrutteringa.
Furuset Ungdomssenter er tildelt 1.100 000 kroner. Prosjektet vil tilby eit positivt miljø med aktivitetar samt "fange opp" ungdom med behov for rådgining og tettare oppfølging.
Ellingsrud Fritidsklubb "Klubb for alle", 50 000 kroner. Klubben ønskjer å gi ungdom eit attraktivt fritidstilbod. Vil integrere meir innvandrar ungdom.
Stovner politi, tiltak for innvandrarungdom får 100 000 kroner. Dette er eit tverretatleg samarbeid som ønskjer å betre den fleirkulturelle kontakten mellom ungdomen.
Leksehjelp får 100 000 kroner
Klatrevegg - Furuset Ungdomssenter får 45 000 kroner for å lage klatrevegg, og såleis lage ein utfordrande og lærerik aktivitet for dei unge.
Stovner
Område 1: Arena - treffstadar etc. er tildelt 950 000 kroner. Fem ulike prosjekt skal leggje tilrette for arenaer der ungdom kan involvere seg i varierte og attraktive aktivitetar med stor grad av eigenaktivitet.
Område 2: Opplevingar ferieaktivitet, 600 000 kroner. Målet for dei tre prosjekta er å auke aktiviteten for å førebyggje kriminalitet og byvanking. Vil skape spanande aktivitetar.
Område 3: Ungdom, helse og livsstil får 450 000 kroner til to prosjekt . Målet er å styrke sjølvbiletet for unge slik at dei vert i stand til å sette eigne grenser og gjere sjølvstendige val.
Område 4: Nærmiljøtiltak, får 350 000 kroner. Dei to prosjekta skal skape indetitetskjensle og auke trivnaden i bydelen samt hindre hærverk og sentrumsvandring.
Romsås
Ungdomsaktivitetssenter får 330 000 kroner. Bydelen ønskjer å betre aktivitetstilbodet lokalt samt hindre at unge vandrar i sentrum.
Bedre oppvekst - oppsøkende team er tildelt 300 000 kroner. Målet er å betre oppvekstkåra for dei unge på Romsås ved å auke aktivitetane, betre nettverket, auka tryggleiken og auke vaksenkontakten.
Andre tiltak Barne- og familiedepartementet støttar gjennom Storbytiltaksordninga er til dømes:
Byrådets Kampanje mot vald, har fått tilskot på 300 000 kroner.
Møte mellom to kulturar, Oslo Røde Kors Internasjonale Senter (ORKIS) får 500 000 kroner til å vidareføre "Nettverksgruppa - flyktninge- og innvandrarungdom og deres familier i møte mellom to kulturer".
" Mødregrupper -samarbeid mellom hjem og skole" får 390 000 kroner til vidareføring.Tiltaket starta i 1995, og målet er å betre framandspråklege elevars moglegheitar. Verkemiddel er mellom anna at mødrene skal verte motivert til å delta i samarbeidet mellom skule og heim.
" Prosjekt 1-18 Bjølsenområdet" får 500 000 kroner frå Barne- og familiedepartementet til å vidareføre tiltaket som skal samordne den kommunale innsatsen for oppveksten for barn og ungdom i alderen 1-18 år i nærmiljøet.
Framfylkinga og Norsk Folkehjelp har fått 350 000 kroner til å vidareføre prosjektet "Flerkulturelt nettverk".
Helsfyr-Sinsen bydel har fått eit tilskot på 500 000 kroner til å byggje opp fritidstilbod for ungdom i tilknyting til Sinsen samfunnshus.
Ressurssenter for pakistanske barn har fått eit driftstilskot på 800 000 kroner. Departementet ser på Ressurssenterets arbeid som eit viktig bidrag for å integrere innvandrarar i det norske samfunnet, og for å skape betre samband mellom innvandrarar av pakistansk opprinning og folket forøvrig.
Sogn bydel har fått 200 000 kroner til å utvikle ungdomstiltak i samarbeid med frivillige organisasjonar.
Priv. til red.
I mange av desse tiltaka og prosjekta er det gode moglegheitar for reportasjar. For meir informasjon kan de kontakte den einskilte bydelsadministrasjonen. Vi viser elles til pressemelding datert 26.01.96 merka 96012 med generell informasjon om "storbytilskotet".
Lagt inn 29 februar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen