Historisk arkiv

Pressemeldinger 1996 - 27 millionar til byungdom

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet


Pressemelding
Barne- og familiedepartementet


26. januar 1996

27 millionar til byungdom

I 1996 bruker Barne- og familiedepartementet vel 27 millionar kroner på ungdomstiltak i dei ni største norske byane.

- Lekselesingsprosjekt, sommaraktivitetar og kameratstøtteordningar er døme på tiltak vi støttar gjennom storbytilskotet, seier barne- og familieminister Grete Berget.

- Barn og ungdom i dei større byane møter ofte særskilte problem eller utfordringar, og oppvekstkåra kan vere tøffe. Difor har Barne- og familiedepartementet teke iniativ til ei spesialsatsing på ungdomstiltak i dei større byane. I 1996 får dei ni største byane i Noreg tilskot til ungdomstiltak frå BFD. Målgruppa for storbysatsinga er all ungdom mellom 12-25 år, seier statsråd Grete Berget.

- Dette ekstra tilskotet skapar kreativitet og aktivitet hjå ungdomen. Tilskotet skapar moglegheitar for byane til å starte nye prosjekt og sette i gang tiltak som kan løyse ein del av ungdomsproblema. Det vert gitt til ulike satsingsområde. I tillegg meiner vi det er med på å sette ungdom på dagsorden hjå dei kommunale politikarane, seier Grete Berget. Statsråden understrekar at tilskotsordninga gir byane nye kunnskapar og erfaringar.

- Vi legg stor vekt på at ungdomen er ein viktig medspelar i planlegginga og gjennomføringa av dei ulike aktivitetane vi løyver pengar til. Likeeins er det viktig at ein på kommunalt nivå prioriterer kva tiltak ein meiner er mest i tråd med dei behova ein ser, seier Grete Berget.

Oslo, Bergen, Trondheim, Drammen, Stavanger, Tromsø og Kristiansand, Fredrikstad og Skien får i år midlar frå Barne- og familiedepartementet.


Lagt inn 26 januar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen