Historisk arkiv

Skal hindre at innvandrarar vert ny "underklasse"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Barne- og familiedepartementet


Pressemelding
Barne- og familiedepartementet


22. januar 1996

Mål for handlingsplan:

Skal hindre at innvandrarar vert ny "underklasse"

- Barn og unge med innvandrar- eller flyktningbakgrunn skal ikkje vekse opp til ein ny "underklasse" i samfunnet vårt. Difor må dei få like moglegheitar med andre barn. Men for å skape like moglegheitar må det ofte særskilt innsats, bevisstheit og merksemd til, sa statsråd Grete Berget i Oslo i dag då ho lanserte handlingsplanen for innvandrarbarn og -ungdom.

"Regjeringas handlingsplan for barn- og unge med innvandrar- eller flyktningbakgrunn" vart lansert av statsrådane Grete Berget og Gunnar Berge i lokala til Oslo Røde Kors Internasjonale Senter i dag. Handlingsplanen omfattar 69 tiltak for å betre integrering, deltaking og likestilling for barn og unge innvandrarar og flyktningar, og er meint å verte eit verktøy for informasjon og mot framandfrykt og rasisme.

Usikre barn

Barne- og familieminister Grete Berget drog fram konkrete døme på innvandrarbarn som legg seg gråtandande til sengs etter å ha fulgt debattar på TV om innvandring eller er vorte sjikanert av eldre damer på skulevegen.

- Det må verte sjølvsagt at alle barn får ein tryggleik i identitetsutviklinga si. Eit av måla for denne handlingsplanen er å medverke til ei slik utvikling, sa Grete Berget. Ho stilte spørsmålet: - Kva seier vi til desse unge når vi snakkar om "berettiga framandfrykt"?

Betre levekår

Barne- og familieministeren framheva at å betre integreringa og deltakinga i fritidsaktivitetar saman med barn og ungdom med norsk bakgrunn, samt å delta i samfunnet elles, er naudsynleg for at moglegheitane skal verte like.

- Alternativet med isolasjon, lite kjennskap til kvarandre og kanskje motvilje, er uheldig for alle. Eg vonar at denne handlingsplanen skal vere ein hjelp og ei rettesnor for å betre situasjonen. Vi seier mellom anna at fellesskap og samhandling på tvers av etnisk og kulturell bakgrunn - i tillegg til kunnskap - er dei viktigaste faktorane for å skape toleranse for det som er annleis, understrekar Grete Berget.

Seks departement

Handlingsplanen er utarbeida på initiativ frå barne- og familieministeren, i samarbeid med Kommunal- og arbeidsdepartementet, Justisdepartementet, Kirke-, undervisnings- og forskningsdepartementet, Sosial- og helsedepartementet og Kulturdepartementet.

- Mykje av den konkrete iverksettinga vil føregå i kommunar og bydelar. Frå statleg hald vil vi stimulere til dette, gjere dei naudsynlege prioriteringane og følgje det opp gjennom ei interdepartemental gruppe som Barne- og familiedepartementet vil koordinere. Verkemiddel som ligg utanfor denne handlingsplanen er også naudsynleg for å betre innvandrarbarnas levekår generelt. Eg tenkjer primært på ein politikk for å auke foreldras deltaking i arbeidslivet, understrekar barne- og familieministeren.

Utsett gruppe

Kommunal- og arbeidsminister Gunnar Berge meiner at barn og unge som kjem hit som flyktningar er ei ekstra utsett gruppe.

- Vi vil følgje opp denne handlingsplanen på fleire måtar. Departementet vil gå gjennom rutinar og reglement i statlege mottak slik at tilhøva vert lagt best mogleg til rette for barn og ungdom, seier Gunnar Berge.

Dei to departementa vil også intensivere samarbeidet mellom Utlendingsdirektoratet og kommunane ved busetting av flyktningar. - Det må verte utarbeida individuelle planar for barn og ungdom når dei skal frå mottak til kommune. Dette er ikkje noko nytt, men det følgjast opp betre enn i dag, understrekar kommunal- og arbeidsministeren.

Mindreårige

- Einslege mindreårige vil framleis vere ei prioritert gruppe, og tiltak for å få ned opphaldstida i statlege mottak vil stå sentralt, seier statsråd Berge. Kommunal- og arbeidsdepartementet og Justisdepartementet vil vurdere korleis fleire einslege mindreårige kan verte busette i kommunane medan dei ventar på at saka deira skal verte avgjort. Nye retningslinjer for arbeidet med einslege mindreårige er under arbeid.

- Barn og ungdom vil også stå sentralt i den komande stortingsmeldinga om det norske samfunnet og innvandrarane, seier Gunnar Berge.


Lagt inn 25 januar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen