Historisk arkiv

Stabile tilhøve i barnevernet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet


Pressemelding
Barne- og familiedepartementet


25. mars 1996

Stabile tilhøve i barnevernet

Utviklinga i barnevernet for 1995 syner stabile tilhøve, viser rapportane frå kommunane og fylka. Barnevernet fekk om lag 20 000 nye meldingar i 1995 som er på same nivå som i 1994. Talet på saker som ikkje er gjennomgått i løpet av den første veka etter at den kom inn, ligg no på berre fem prosent.

- To år etter at utviklingsprogrammet for barnevernet er over, ser ein stadig positiv utvikling i sektoren. Sakene vert stadig raskare handsama, men likevel bør målet vere å redusere sakshandsamingstida ytterlegare, seier barne- og familieminister Grete Berget.

I gjennomsnitt kom det inn 4971 nye meldingar til barnevernet kvart kvartal i fjor. Flest meldingar i første kvartal, og færrast i tredje. Samanlikna med dei siste åra er dette ein liten auke. I 1992 kom det kvartalvis inn 4472 meldingar, og i 1994 hadde dette talet stige til 4991. Frå første kvartal i fjor til siste kvartal har talet på ikkje gjennomgåtte meldingar i løpet av ei veke sunke jamnt frå 8,8 prosent til 5.

I siste kvartal av 1995 fekk kommunane i underkant av 4200 nye saker til gransking. Rundt halvparten av dei vart henlagt etter gransking. Tala ligg på same nivå som tidlegare.

- Når ei sak vert lagt vekk, betyr dette at barnevernet ikkje finn grunn til å sette i verk tiltak etter barnevernlova. I mange av sakene vert det gitt råd og rettleiing til familien, og ein del saker vert vist til andre instansar som helsestasjon eller PP-tenesta, seier Grete Berget.

Regjeringa legg vekt på at så mange barn som råd er, skal få hjelp av barnevernet medan dei bur heime. Ved utgangen av -95 var det 17 400 barn som på ein eller annan måte fekk hjelpetiltak av barnevernet. 1000 av desse er plassert i fosterheim eller institusjon - eit frivillig tiltak i samarbeid med foreldra der foreldra framleis har omsorga for barna. Slike tiltak er meint å vere av kortare varigheit. Samstundes er om lag 5000 barn under omsorg og plassert i fosterheim eller institusjon. Dette talet har ikkje endra seg samanlikna med tidlegare.


Lagt inn 26 mars 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen