Historisk arkiv

Statsråd Grete Berget, vekeplan - veke 23/96

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet


Pressemelding

Barne- og familiedepartementet

Statsråd Grete Berget, vekeplan - veke 23/96

Her følgjer ein oversikt over nokre av statsrådens gjeremål neste veke, av mogleg interesse for redaksjonen.

Onsdag 5. juni klokka 11.00 vil statsråd Grete Berget vere med å markere Nasjonalforeningen for folkehelse sine landsomfattande Barnedagar. Ved å plante eit tre i ein barnehage, barneskule eller institusjon meiner Nasjonalforeningen at det vil knyte bånd til barn og ungdom.

Barne- og familieministeren plantar eit tre på Tåsen barneskole i Oslo.

Torsdag 6. juni klokka 13.00 opnar Grete Berget Norsk barnevernkongress 1996 i Oslo.

Norsk Barnevernsamband vil markere barnevernets 100-årsjubileum med denne kongressen som varer frå den 6. til 8. juni.

Konferansen finn stad i Folkets Hus i Oslo.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon.

Med helsing

Informasjonssekretariatet - BFD


Lagt inn 31 mai 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen