Historisk arkiv

Statsråd Grete Berget - Vekeplan, veke 20/96

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet


Pressemelding
Barne- og familiedepartementet


10. mai 1996

Priv. til red.

Statsråd Grete Berget - Vekeplan, veke 20/96

Her følgjer ein oversikt over nokre av statsrådens gjeremål denne veka, av mogleg interesse for redaksjonen.

Tysdag 14. mai klokka 10.15 innleiar barne- og familieminister Grete Berget på konferansen: "Utfordringer på barnehagesektoren inn i et nytt århundre".

Statsråden vil i foredraget sitt trekke fram utfordringar som barnehagane står føre i tida som kjem.

Fylkesmannen i Østfold arrangerer konferansen som dei vonar skal verte ein inspirasjon for kommunane i arbeidet med å nå full barnehagedekking.

Konferansen byrjar klokka 09.30, og den finn stad på Festiviteten i Sarpsborg.

Ta gjerne kontakt for meir informasjon.

Med helsing

Informasjonssekretariatet - BFD


Lagt inn 10 mai 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen