Historisk arkiv

Talet på fast tilsette aukar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Barne- og familiedepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Barne- og familiedepartementet


5. januar 1996

Ugrunna frykt i barnevernet:

Talet på fast tilsette aukar

Det samla talet på tilsette i barnevernet steig med 1,2 prosent frå 1993 til 1994. I same perioden auka talet på faste stillingar med 22 prosent.

- Denne utviklinga viser at kommunane framleis prioriterer arbeid for dei mest utsette gruppene av barn og unge, seier barne- og familieminister Grete Berget.

Statsråden er svært godt fornøgd med ei utvikling som viser ein kraftig nedgang i bruken av engasjement i den kommunale barneverntenesta til fordel for faste stillingar. Bruken av engasjement har vorte redusert med heile 75 prosent.

Regjeringa har dei siste åra satsa ekstra på å byggje ut barnevernet mellom anna med utviklingsprogrammet for barnevernstenesta (1991-1993). Mange åtvara mot at kommunane ville komme til å kutte talet på tilsette i barnevernet etter at utviklingsprogrammet var over.

- I 1993 var meir enn 500 personar tilsett i engasjement i barnevernet. Ved utgangen av 1994 hadde dette talet sunke til i underkant av 130. Ein stor del av desse engasjementa er gjort om til faste stillingar. Samstundes auka det samla talet på fast tilsette i dei kommunale barnevernstenestane med heile 22 prosent. Totalt har det samla talet på stillingar i barnevernet auka med 1,2 prosent til 2 409. Denne positive utviklinga viser at frykta var totalt ugrunna, seier Grete Berget. Statsråden legg til at ein større stab av fast tilsette gir leiarane betre styringsmoglegheitar og høve til å planleggje på lengre sikt.

Det er Statistisk Sentralbyrå (SSB) som presenterer desse tala. SSB har også sett på utdanningsbakgrunnen til dei tilsette i barnevernstenesta. Den viser at ved utgangen av 1994 var 7 av 10 tilsette anten utdanna som barnevernspedagogar eller sosionomar. Desse gruppene har styrka posisjonen sin i den kommunale barnevernstenesta. Samstundes viser også tala frå SSB at berre 1 av 12 manglar høgskule- eller universitetsutdanning.


For mer informasjon, kontakt Informasjonssekretariatet - BFD


Lagt inn 9 januar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen