Historisk arkiv

Treng du barnehageplass?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Barne- og familiedepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Barne- og familiedepartementet

Dato : 19.08.96
Referanse: 96098

Treng du barnehageplass?

Ny "kokebok" for familiebarnehage

Barne- og familiedepartementet har no laga ei "kokebok" for etablering av familiebarnehagar. Den skal hjelpe fleire til å starte nye familiebarnehagar. Desse barnehagane stod for 17 prosent av dei nye barnehageplassane i 1995.

I heile landet var det i fjor familiebarnehage i 2.830 heimar. 955 av desse var i offentleg regi medan resten (1875) var private. I 1995 var det i følgje Statistisk sentralbyrå (SSB) 13.500 barn i familiebarnehagar. Denne typen barnehagar er det barnehagetilbodet som veks raskast.

- Ein familiebarnehage har det heimlege preget som varemerket sitt. Gjennom leik og kvardagslege aktivitetar vert det skapt ein mjuk overgang til andre arenaer utanfor heimen. Førskulelærarar gir fagleg rettleiing til desse barnehagane slik at dei minste barna får eit pedagogisk tilbod. Eg vonar at dette heftet vil inspirere fleire til å starte familiebarnehage, seier barne- og familieminister Grete Berget.

Heftet " Treng du barnehageplass? Slik startar du ein familiebarnehage" rettleiar og tipsar interesserte i kva som må gjerast før ein startar ein familiebarnehage.

Heftet har eit opplag på 125.000, og det kjem ut på både nynorsk og bokmål, bestillingsnummer (Q-0916 N eller B). Heftet kan fåast ved å vende seg til kommuneadministrasjonen eller helsestasjonen i kvar kommune, og det er gratis.


Lagt inn 20 august 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen