Historisk arkiv

Om Forsvaret Si bustadverksemd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgiver: Forsvarsdepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Forsvarsdepartementet

Nr. 005/96
Dato: 26.01.96

Om Forsvaret Si bustadverksemd

Regjeringa går inn for å leggje om politikken for bustadverksemda i Forsvaret. Dette går fram av Stortingsmelding nr 25 (1995-96) frå Forsvarsdepartementet. Meldinga vart godkjend i statsråd i dag.

I lys av den pågåande omstillingsprosessen i Forsvaret, har det vore nødvendig med ei gjennomgang av bustadverksemda, for å tilpasse den til nye krav. Bustadverksemda er ein viktig del av personell- og familiepolitikken i Forsvaret.

Forsvarsdepartementet går i meldinga inn for å leggje om bustadverksemda i Forsvaret til eit marknadstilpassa system, med kompensasjonsordningar for prioriterte grupper. Departementet føreset at det nye prissystemet ikkje inneber noko form for fordelsskatting. Likeeins føreset departementet at ein kan fråfalle fordelsskatting i det gjeldande husleigesystemet i påvente av det nye systemet.

Bustadverksemda i Forsvaret vart etablert tidleg på 1950-talet. Då var det ein generell bustadmangel og Forsvaret rekrutterte etter kvart mykje nytt personell. Difor var det naturleg at Forsvaret engasjerte seg i å skaffe personellet sitt bustader. Dagens omstrukturering av Forsvaret gjer det naturleg å vurdere på nytt bustadverksemda i Forsvaret, går det fram av stortingsmeldinga.

Forsvaret disponerer i dag nærare 5 000 bustader pluss ein del befalshyblar. Dagens bustadpolitikk søkjer å medverke til ei smidig personellforvalting der nokre av ulempene ved stadige flyttingar vert lindra. Mange kategoriar militært personell vert relativt ofte beordra til nye tenestestader, ofte i andre landsdelar. Også sivilt tilsette i Forsvaret må flytte til nye tenestestader på grunn av organisasjonsendringar i Forsvaret.

Tilråding til nokre hovudprinsipp for bustadverksemda i Forsvaret i framtida:

  • Forsvaret skal ha eigne bustader primært der det ikkje er nokon naturleg bustadmarknad, eller der det er vanskeleg å skaffe bustader. Utover dette bør Forsvaret hjelpe forsvarspersonell med å skaffe bustad gjennom den ordinære bustadmarknaden.
  • Målgruppa for bustadverksemda i Forsvaret er yrkesbefal, kontraktsbefal under beordringsplikt og sivile under omstilling.
  • Husleiga skal vere marknadstilpassa. Dette skal spegle att dei reelle lokale marknadsprisane og vert følgjeleg ikkje gjenstand for fordelsskatting.
  • Ved innføring av marknadstilpassa leige, vil det bli innført kompensasjonsordningar for personell i målgruppa.
  • Dei eksisterande støtte- og låneordningane for personell som skaffar seg eigen bustad, skal førast vidare.
  • Talet på bustader som Forsvaret eig, skal stadvis bli redusert.

Lagt inn 26 januar 1996 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen