Historisk arkiv

Fiskeridepartementet ansvarleg for tang og tare

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Brundtland III

Utgjevar: Fiskeridepartementet


P R E S S E M E L D I N G
Fiskeridepartementet


NR. 40/95, 13. juli 1995

FISKERIDEPARTEMENTET ANSVARLEG FOR TANG OG TARE

Regjeringa har bestemt at Fiskeridepartementet skal ha forvaltingsansvaret for tang og tare med Fiskeridirektoratet som utøvande organ, og det er fastsett føreskrift om hausting av desse ressursane.

Føremålet med føreskrifta er å sikre ei forsvarleg og langsiktig utnytting av tang og tare som del av ei heilskapleg forvalting av ressursar og naturmiljø på kysten. Målet er at tarenæringa skal få ein tilgang på algeråstoff som gjer det mogleg å planlegge produksjonen samstundes som ein tek vare på miljø- og fiskerimessige omsyn.

I følgje føreskrifta kan Fiskeridirektoratet i samråd med Direktoratet for Naturforvalting gje løyve til hausting av tang og tare i bestemte felt. Det kan m.a. setjast krav til i kva rekkefølgje felta skal haustast og kor lenge det skal gå mellom kvar gong same feltet kan nyttast. Det kan gjevast løyve for eit område for inntil fem år om gongen, men berre dersom det er truleg at det aktuelle området og områda ikring toler den belastinga som haustinga inneber. Eit felt kan stengast før det har gått fem år dersom haustinga får andre konsekvensar enn ein trudde i utgangspunktet.

Fiskeridepartementet vil etter sommaren skipe ei breidt samansett sentral faggruppe og faggrupper på fylkesnivå som kan tilføre kunnskap om lokale tilhøve, for å få utarbeidd ei langsiktig forvaltingsplan for tang og tare.

Kontaktperson: Rådgjevar Hilde Markhus, telefon 22 34 64 47


Lagt inn 18 juli 1995 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen